Hopp til innhald

Norsk (SF vg2)

Tekst i kontekst

Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!

Skjønnlitteratur

Skjønnlitteratur er fiksjon, det vil seie litteratur som er oppdikta. Frå gamalt av deler vi inn skjønnlitterære tekstar i tre hovudgrupper: episke, lyriske og dramatiske tekstar.

Episk dikting

Til den episke diktinga reknar vi alle slags fiksjonsforteljingar, frå vitsar og eventyr til noveller og romanar. Felles for episke tekstar er at det finst ein forteljar som formidlar det som hender.

Læringsressursar

Episk dikting