Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presenter Gunnlaug Ormstunge for klassen

Når de har funne svar på problemstillinga de laga om Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, er det på tide å presentere funna for klassen.
Elevar, ein gut og ei jente,  presenterer i klasserommet. Dei står framfor tavla, medan medelevar sit og ser på og lyttar til presentasjonen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis skal de gå fram for å lage ein god presentasjon der de svarer på ei problemstilling om Gunnlaug Ormstunge?

Tipsa under tek utgangspunkt i at de jobbar i grupper, og at de svarer på problemstillinga og støttar eller avkreftar hypotesane i løpet av ti minutt. Det krev at de droppar mykje utanomsnakk og går rett på å svare på problemstillinga. Ein lengre presentasjon av teksten er unødvendig, så lenge klassen har lese den same teksten som dykk.

Tips 1: Presenter tema, problemstilling og hypotesar

Start med å presentere temaet, problemstillinga og hypotesane dykkar. Forklar i tillegg kvifor de enda opp med akkurat desse hypotesane og denne problemstillinga.

Døme:

Tips 2: Rett på sak – gå til litteraturen

Ikkje bruk mykje tid på utanomsnakk, men prioriter tida til å svare på problemstillinga. Når de skal vise korleis de fann svar i primærkjelda, altså sagaen, bør de

  1. vise sitat frå sagaen til dei andre elevane

  2. drøfte korleis sitatet svarer på problemstillinga dykkar

  3. drøfte om sitat styrkjer eller svekkjer hypotesane dykkar

Døme:

Tips 3: Bruk sitat frå sekundærlitteraturen

  1. Også sitat frå sekundærlitteraturen bør du vise til medelevane.

  2. Følg opp med å kommentere sitatet: "Som vi ser, viser denne kjelda at skildringa av Helga er typisk for sagalitteraturen...." eller "Denne kjelda viser det motsette av det som skjer i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge".

Døme:

Tips 4: Avslutt med å svare på problemstillinga og stadfeste eller avkrefte hypotesane

I avslutninga bør de avrunde og vende tilbake til problemstillinga og hypotesane som blei viste fram i starten av presentasjonen. Det er viktig å prøve å gi tydelege svar på desse. Men hugs at det ikkje er sikkert de finn sikre svar. Då må de gjere det klart kva som var vanskeleg å finne ut av, og kvifor det var det.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Episk dikting