Hopp til innhald

Fagstoff

Utforskande lesing av eldre litteratur

Kva betyr det eigentleg å lese utforskande? Og kvifor er utforskande lesing i samspel med andre ein fordel når du skal lese eldre litteratur?
Gut les bok. Det er ei bokhylle i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er utforskande lesing?

"Å lese er vel å lese", vil du kanskje seie? Nei, vil svaret vere. For vi les på ulike vis:

  • Vi kan til dømes lese målretta. Då er vi på jakt etter spesifikk informasjon i ein tekst vi les.

  • Vi kan skumlese. Då les vi raskt og overfladisk for å få oversikt over innhaldet i teksten.

  • Vi kan nærlese. Det betyr at vi granskar teksten og går nøye inn i ordval og setningsoppbygging.

Når vi les utforskande, kan vi dele prosessen inn i tre fasar:

1. Førlesing

I denne fasen dannar vi oss eit bilete av kva teksten handlar om basert på det vi kan frå før, omslaget på boka, tittelen og dei første sidene. Still spørsmål, lag hypotesar og diskuter med andre kva de trur ventar dykk innanfor bokpermane.

2. Lesefasen: aktiv lesing (som ein kollektiv prosess)

I lesefasen blir du gradvis kjend med personane og miljøet deira. Les aktivt ved å stoppe opp, stille spørsmål og markere passasjar du av ulike grunnar legg merke til.

Lesing treng slett ikkje vere ein kollektiv prosess. Når du les utanom skulen, er det ofte privat og ikkje noko du diskuterer med andre. Men på skulen bør vi bruke moglegheita til å kunne sparre og utveksle idéar og spørsmål om teksten med dei andre elevane i klassen.

3. Å stige ut av teksten

I denne fasen samlar du alle trådane og knyter handlinga og temaet i teksten til eige liv og/eller andre tekstar. Då kan du stille typiske spørsmål som:

  • Kva betyr teksten for meg?

  • Kvifor har forfattaren skrive han?

  • Korleis er teksten farga av den konteksten han kom ut i?

Lesing av eldre litteratur som ein kollektiv prosess

Mange vil synast det er vanskeleg å forstå eldre litteratur. Årsaka er at det kan vere uvande ord i teksten, og at menneske i eldre tider kunne ha andre ideal enn oss om kva som var god litteratur. I dag les vi ofte for underhaldninga si skyld, men i mellomalderen kunne formålet med ein tekst òg vere å å gi ein stormann større ære.

Vi tilrår derfor at de ser på lesing av eldre litteratur som ein kollektiv prosess. Det vil seie at de etter å ha lese to–tre kapittel stoppar opp og diskuterer det vi har lese. Det sikrar at de får utforske teksten i fellesskap.

Korleis lese teksten?

Vi tilrår høgtlesing, slik at de les i likt tempo. Dessutan vil ofte høgtlesing auke forståinga av teksten, særleg eldre tekstar som kan ha litt vanskeleg språk innimellom.

De kan

  • byte på å lese høgt i klassen

  • be læraren lese høgt

  • høyre på lydfiler om de finn det til teksten de skal lese

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Episk dikting