Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn svar på problemstillinga i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge

Korleis skal du finne svar på problemstillinga du har laga til Sagaen om Gunnlaug Ormstunge i sagaen? Her vil du finne tips og eit døme på korleis du kan søkje svar i primærkjelda.

Oppgåvene under tek utgangspunkt i at de jobbar i grupper.

Oppgåve 1. Finn svar i sagaen

Det første de bør gjere, uansett kva problemstilling de har, er å finne svar på problemstillinga og hypotesane i sagaen.

  1. Les gjennom sagaen på nytt og marker alle delar av teksten som er aktuelle for å svare på problemstillinga og hypotesane. De kan godt dele sagaen dykk i mellom, slik at ikkje alle må lese alle sidene på nytt.

  2. Diskuter tekstpassasjane de har funne. Kva svar gir desse på problemstillinga? Stadfestar eller avkreftar dei nokon av hypotesane de har laga?

Eit døme

Her vil vi vise eit døme på korleis de kan gå fram. Men vi tek utgangspunkt i ein annan saga enn Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, slik at vi ikkje løyser ei eventuell problemstilling for dykk. Primærkjelda vår er Sagaen om Floafolket.

Problemstilling

"Korleis var kvinnerolla i vikingtida samanlikna med i dag?"

Hypotesar

  • I norrøn tid hadde kvinner liten rett til å bestemme over eige liv.

  • Sagaen om Floafolket viser at vikingkvinna ikkje hadde noko å seie i val av partnar.

  • Kvinner spelte alltid berre små biroller i ættesagaene.

Del 1: Finn svar i sagaen

Når vi les Sagaen om Floafolket for andre gong, finn vi desse passasjane som relevante svar på problemstillinga:

Konklusjonen vår etter å ha lese utdraga:

Utdraga peikar ikkje i ei entydig retning. Sagaen startar med å fortelje om Torunn som verkar å ha stor innverknad på eige liv: Ho tenkjer seg nøye om før ho godtek ekteskapstilbod frå Torgrim. Men fleire av utdraga viser at det er mennene som bestemmer kven kvinnene skal gifte seg med, og då spesielt fedrane til jentene. Ungjenta Helga må til dømes gifte seg med 55 år gamle Torgils sjølv om ho ikkje vil.

  • Hypotesen "Sagaen om Floafolket viser at vikingkvinna ikkje hadde noko å seie i val av partnar" er noko styrkt, men sagaen viser at kvinnene si meining blei høyrd.

Det er mange kvinner med i sagaen, men ingen av dei speler noka hovudrolle. Likevel er kvinnene så viktige, at å seie at dei berre speler "små biroller", blir feil.

  • Hypotesen "Kvinner spelte alltid berre små biroller i sagaene" er svekt.

Når det gjeld den siste hypotesen "Kvinner hadde liten rett til å bestemme over eige liv", så er det vanskeleg å seie noko bestemt ut frå utdraga. Det første utdraget, om Torunn, viser ei kvinne som ser ut til å ha full råderett over eige liv, medan historiene om Helga og Gudrun er annleis: Skjebnen deira er fullt og heilt bestemt av mennene i livet deira.

  • Hypotesen "Kvinner hadde liten rett til å bestemme over eige liv" kan vi verken stadfeste eller avkrefte, då sagaen gir så mange ulike svar. Men det kan verke som om kvinner med høg sosial posisjon hadde meir makt enn andre kvinner. Kanskje er det personlegdommen deira som er med på å avgjere kor stor medråderett dei får over eige liv?

Førebels svar på problemstillinga:

Ein diskusjon om problemstillinga vil gi desse førebelse svara:

  • Ikkje alle kvinner i vikingtida hadde den fridommen vi har i dag, men sagaen viser at også kvinner kunne ha makt og bestemme over eige liv. Dette gjeld mellom anna i val av ektefelle.

  • Fedrar og brør hadde rolle som vernaren til kvinnene. Slik er det ikkje i dag, bortsett frå i somme innvandrarmiljø.

  • Sagaen viser at det kunne gi kvinner dårleg ære om dei var lausslepte, men andre passasjar indikerer det motsette: Det var til dømes ikkje stor skam å vere utru.

  • Kvinner var stort sett heime på garden. I dag jobbar dei fleste kvinner borte frå heimen.

  • Om du var kvinne, stod du i fare for å bli kidnappa.

  • Det var ikkje uvanleg at mennene slo kvinnene sine.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021

Læringsressursar

Episk dikting