Norsk (SF vg2)
- Bygger på:Norsk (SF vg1)
- Leier til:Norsk (SF vg3)
Tekst i kontekst
Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!
Folkedikting
Forteljinga oppstod lenge før skrifta. Den eldste litteraturen vi kjenner til, har blitt overlevert munnleg i mange generasjonar før han blei skriven ned. Dikting som er skapt og overlevert munnleg, kallar vi for folkedikting. Døme på slik litteratur er segner, eventyr, mytar og folkeviser.
Læringsressursar
Folkedikting