Hopp til innhald

Fagstoff

Eventyr

Alle barn elskar eventyr. Eventyr er morosam underhaldning, men også ein måte å oppdra nye generasjonar i rett og gale, vise dei konsekvensar av val og peike på det viktige og rettmessige ved eigenskapar som mot, styrke og truskap.
Kollasj med mange ulike eventyrmotiv. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Underhaldning og kunnskapsformidling

Ordet eventyr kjem frå det latinske ordet adventura, som tyder hending. I dag tenkjer nok dei fleste på eventyra som morosame, litt dramatiske historier, som ein les for barna om kveldane. Men i tidlegare tider hadde eventyra fleire funksjonar. Underhaldning var ein av dei. Før TV og dataspel var fellessamver med munnlege forteljingar ein måte å bringe kunnskap om verda vidare på.

Pedagogiske og samfunnsbyggjande funksjonar

Eventyra må også ha hatt fleire pedagogiske og samfunnsbyggjande funksjonar. Ein av dei har vore å lære neste generasjon om rett og gale, vise dei konsekvensar av val og peike på det viktige og rettmessige ved eigenskapar som mot, styrke og truskap. Eventyra kan også ha vore ei hjelp til trøyst for mange. Ein kan òg tenkje seg ei hjelp mot overmakt og meistring av ein brutal kvardag.

Draumar og håp

Eventyra oppstod i eit samfunn med enorme forskjellar mellom fattig og rik. Kanskje innebar eventyret ei opning for dagdraum, eller kanskje gav eventyra også meir handfaste reiskapar: mot og styrke og trua på at det gjekk an å ta lagnaden i eigne hender? Gjennom eventyra kunne ein sleppe vekk frå reglar, tabu og fattigdom for ei kort stund. Sjølv dei aller fattigaste kunne der skimte eit høve til å vinne seg både gods og gull, og kanskje til og med ei prinsesse og eit halvt kongerike. Også i dag fasinerer slike historier; tenk berre på Haakon og Mette-Marit.

Treng vi eventyra?

I våre dagar har eventyra mista mange av dei funksjonane dei hadde tidlegare. Vi bruker dei no stort sett som barneforteljingar. Men i populærkultur som dataspel, Disney-filmar og fantasylitteratur finn vi mange av dei same trekka som i folkeeventyra. Kanskje dette er ein av grunnane til at desse medieuttrykka er så populære? Kanskje treng vi framleis desse forteljingane, ja kanskje seier dei noko essensielt om kva det er å vere menneske i verda i dag?

Tre typar folkeeventyr

Folkeeventyra vert gjerne delte inn i tre hovudgrupper:

  • dyreeventyr

  • eigentlege eventyr

  • skjemteeventyr

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anne Ely Thorenfeldt og Jon Møller.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2018

Læringsressursar

Folkedikting