Norsk (SF vg2)
Bygger på:Norsk (SF vg1)
Leier til:Norsk (SF vg3)
Tekst i kontekst
Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!
Saktekstar
Dei fleste tekstane vi les, er saktekstar. Felles for saktekstane er at dei handlar om røyndomen, om verda vi lever i. Utover dette kan saktekstar vere svært ulike. Alt frå matoppskrifter, tryggleiksinstruksar, møtereferat og nyheitsartiklar til brev, kåseri og essay er saktekstar.