Hopp til innhald

Fagstoff

Stev

Stev skal gjerne fortelje ei historie eller erte på seg tilhøyrarane i festlege lag. Tekstane skal underhalde og somme gonger utfordre til kamp. Den faste rytmen, leik med ord og språklege bilete gjer at vi kan trekkje linjer til dagens rapp-musikk.
Nærbilete av hand med gullsmykke som snurrar ei LP-plate på ein platespelar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du startar med å lese

  • Kva veit du om rapp-sjangeren?

Ha kunnskapen i bakhovudet når du les om stev. Kva har dei to sjangrane til felles?

Eit stev består av ei strofe med fire linjer og enderim. Det er vanleg å skilje mellom gammalstev og nystev. Det er først og fremst forma som skil dei – dei har ulike rimmønster. I tillegg har dei tradisjonelt noko ulikt innhald.

Om gammalstev

Gammalstevet er den eldste typen dikting med enderim vi kjenner til, både i Noreg og elles i Norden. I gammalstevet rimar andre og fjerde linje på kvarandre.

Gamle danseviser

Dei norrøne sagaene kallar gammalsteva for danzar, noko som fortel oss at dei blei nytta til å danse etter. Ein reknar med at desse strofene på fire linjer kom til Norden saman med songdansen. Vi finn liknande lyriske "einstrofarar" mange stader rundt om i verda.

Samanlikningar og språklege bilete

Gammalstevet er ofte episk – det fortel ei historie. Det er som regel noko allment og kjøleg over gammalstevet. Du får ikkje noka direkte innsikt i personane sine kjensler, men hendingar i naturen blir gjerne samanlikna med ei sjelsstemning. Dette kjenneteiknar all primitiv lyrikk. Tanken og refleksjonen hos diktaren har ikkje komen så langt at han kan gi kjensla aleine ei skarp og klar form – ho må ha noko å støtte seg til, eit spegelbilete som kan samle og gi att stemningane.

Kjærleiken mellom mann og kvinne blir skildra gjennom språklege bilete som til dømes ”... som logjen i lauet brenn”. Her kan vi sjå for oss dei gamle røykstovene, der elden flamma kraftig opp når dei kasta tørre lauvkvister inn i gruva.

Døme på gammalstev

1.
Hanen stend'e på stabburshella,
og bonden gjev'honom konn;
rakkjen skvakkar i bakko nord,
og hjuringjen blæs i honn.

2.
Fenåren gjeng unde Elkansnuten,
det er så vent å sjå;
hesten hoppar i Krykkjokleivan',
og han hev bjølle på.

3.
Geiti stend i bergskorta
og mekrar ut av hæ'e:
"Ofte hev mi side vori klypt
og gjort utav tjoneklæ'e"

4.
Sauen stend i bergskorta
og blæktar ut so vide:
"Ofte hev mi side vori klypt
og gjort utav tjeld so fride"

5.
Om så tala skrubbe-ungjen,
— han kaga seg unda grån:
"No ser eg hesten hass Targjei unge,
han ber'e den bleike mån."

6.
Burmannshonnet og langeluren,
det toler kje bamse høyre;
men bånegråten og fløytelåten,
det lillar i hass øyre.

7.
Hjuringen sit på bergje,
og ser imote sol;
så gle'er han seg åt kvelle,
som bonni gjer i mot jol.

8.
Kall'e graut og geteskyr,
det er hjurings rett;
men når han kjem i støylsbardet,
då hjalar han so lett.

9.
Det hjalar eit viv i Jusuli,
det hev'e så vent eit ljod;
Det hev'e komi i hugjen min,
det gjeng der alli utor.

10.
Håret hev ho som tiriltunga,
og halsen er som mjøll,
augo dei er i hausen sjå,
som soli ris ivi fjøll.

11.
Eg sille gjeva til sprettan' rauden,
fagrast i stallen stend,
om jenta var so glad i meg
som logjen i lauvet brenn!

12.
Det tikje meg vent å vera
der drosine danse med drengjo';
gaukjen gjel i grøne li,
og fuglane skaka vengjo.

13.
Vent er det i Vågelian'
når lauvet og graset gror,
men endå venare på Kvamsfjorden
når Gunnar og Kari ror.

14.
Vent er det med Vinje kyrkja
når brurine gjeng i flokkar;
dei turve inkje ljoset bera,
det lyser av brurelokkar.

15.
No vil eg ringsko hesten min,
so vel som are fleir,
og fygje 'o Targjei Fokkjesson
nord -ivi den Lysehei!

16.
No vil eg ringsko hesten,
so dei det skò kje gå,
og fygje 'o Targjei Fokkjesson
nord-ivi dei bergi blå!

17.
Dei henta bruri i Lyse,
i gylte salen ho rei,
då dei kome til Skålekleivan'
ho såg til Røysland heim.

18.
Då dei kome til Røysland heim,
dei trøytte og mode drengjir,
dei tappa uti mungåt-skåli,
dei ha rekjist på heio so lenge.

19.
Reven han diltar jordet ikring,
og hjasen hoppar i rugjen,
ho er inkje god å gilje den møy
som ber ein annan i hugjen.

20.
Gauken er grå, han gjel om våro,
og ljodet ber fram med lie;
det er fulla godt å gilje den møy
som allstøtt svarar med blide.

21.
Drukkjen manns ord er draumo likt
ein føre det ingjen fyr øyre;
han talar så mangt om efta
han vil kje om morgon høyra.

22.
Ingjen fuglen flyg'e så hågt
som grågåsi med sine ungar,
og ingjen ormen sting'e så sårt
som falske mannetunga.

23.
Spangebelte og krusa hår,
det vert så mykje meti;
men kvordagsgagnet og ordi snille,
det vert så lengje gjeti.

24.
Sutine og sorgjine
dei trør eg unde fot;
til gla'are skó og halde meg
til meir det gjeng meg mot.

Ordforklaringar

stabburshelle – steinhelle utanfor stabbursdøra
rakkje – hannhund, hannrev
hjuring – gjetar
fenår – småfe; sauer og geiter
hæ'e – harm, spott
tjonklæ'e – grove, stygge klede
tjon – stygge ting, noko å skamme seg over
tjeld – teppe, duk
frid – vakker
burmannshonn – horn med grov lyd
lilla – låte vakkert
geiteskyr – tjukk geitemjølk
støylsbard – kant av setervoll
hjala – rope med syngjande tone
mjøll – laus og tørr snø
dros – høyverdig kvinne
drengjo/vengjo, dativ fleirtal
dreng – ugift mann; dyktig kar
brurine (av brur) – brura og brurejentene hennar, eller fleire brurer
ringsko – sko hesten på alle fire beina (Vanlegvis gjekk dei uskodde.)
mungåt – øl
rekjast – vere utan tilsyn
gilje – fri til
blide – godt humør, det å vere blid
sprangbelte – belte med pengar eller sølv
meti – akte, ære
gjeta – omtale, nemne

Om nystev

Nystevet er stev som nærmar seg den moderne kunstdiktinga. I nystevet rimar linjene parvis: Første og andre linje rimar, og tredje og fjerde linje rimar.

Det er forskjellar på gammalstev og nystev når det gjeld stemning, ånd og tone. Nystevet er ofte personleg farga og lèt kjenslene kome ope til syne. Det var ikkje uvanleg å fornærme ein motstandar med nedsetjande skildringar. Vi finn òg mange stev med erotiske skildringar, gjerne med slangord og frodig biletspråk.

Kor gamle er nysteva?

Vi veit ikkje sikkert kor gamle nysteva er, men vi finn ingen spor etter dei viss vi går så langt tilbake som til mellomalderen. Sjølv i Setesdal, der stevdiktinga har halde seg lenger enn nokon annan stad, stoppar spora ein gong på 1700-talet. Både i Telemark og Setesdal var det først på 1800-talet at nystev fortrengde gammalstev.

Døme på nystev

1.
Høyr de dette, de gjentur unge,
no lyt de kve'a med mål og tunge;
blomen bleiknar og dagen skrid
og ho renn så fort dikkos ungdoms-tid.
2.
Å spila spil'mann, lat fela låte,
lat kon få danse med' me er kåte;
å spila spil'mann, eg veit du kan,
lat den glade ungdomen sleppe fram.

3.
Jenta mi i eit lag kan sama,
og fysst ho kjem'e då blir det gama.
Eg tikje lagjet fær anna liv,
fysst ho så lettsleg på tilet sviv.

4.
Eg hev ein otte som alli tryt'e,
eg hev ein sut som mi bringe bryt'e;
eg hev ein tankje som tyngjer meg:
eg er så redd at eg misser deg.

5.
Eg fekk eit bod at han alli måtte,
men at eg hjarta hans evig åtte;
til evig tid sill' han elske meg,
om me så livet laut kver sin veg.
6.
Då me møttest me stod så lengje,
me tala alli, me berre tenkte.
Me tala alli eit einast' ord —
me var gråteferdige båe tvo.

7.
Sitt hjartesår tord' han alli le'e,
om annans sutir var uvandt kve'e;
for si egjo sut fann han alli ord,
men ho låg i bringa som klaka jord.

8.
Den lisle jenta frå Raulandsstrondi
d'er ho som vev'e dei vene bondi:
ho er så lettliva, glad og kåt,
hennar mål er venar hell felelåt.

9.
Sossi sei' ho den jenta greie:
no blirher dauvleg fysst du lyt reise;
men fysst eg eisemo ette sviv,
så er det godt eg kan stevi di'.

10.
Det var tvo jentur og dei ha' gama,
og allstøtt rødde dei om det sama,
og allstøtt rødde dei om ein gut,
det var ein spilemann, som het Knut.

11.
Sume seier eg inkje fær han,
og sume seier eg er kje verd han;
sume sei' d'er kje lagja til,
men sjov eg seier: eg inkje vil.

12.
Anne Drivsli, det djerve kvende,
ho gjeter geitar for Austad dringjir;
ho gjeter geitar så langt mot nord,
og der gjeng ho sullar så eisemo.

13.
Ånund Suleskar var ei kjempe,
og Sigrid Dysje så grei ei jente;
men ho svara nei til såhæv ein kar,
for der var for audskleg i Suleskar.

14.
Å mine visur dei er så mange
som heggjeblomane drys i fangje;
så hev dei vori i all si tid:
til meir dei kve' dei til fleir dei bli.

Ordforklaringer

gjentur – jenter
dikkos – dykkar
sama – høve, passe
gama – morosamt, gamen
tikje – synast
alli – aldri
sutir – sorger
egjo – eigen
sossi – slik
dauvlegt – aude
stilt – kjedeleg
eisemo – aleine
sume – nokon
d'er kje lagje til – det er ikkje slik skjebnen vil det
Austad – sokn i Setesdal
Suleskar – einsleg gard øvst i Siredal
kve' dei – syng dei

Er rapp dagens svar på stev?

Rapp er ein sjanger som oppstod i USA på 1970-talet. I dag finst det mange ulike retningar, men felles er at rytme og flyt er viktig. Rapparen fortel ei historie, gjerne om bydelar utanfor storbyane der minoritetar dominerer. Rappane kan provosere og sjokkere, og språket er prega av slang.

Eit viktig trekk i starten var at rappteksten blei skapt der og då, i situasjonen. Det er framleis eit viktig trekk i battle-rap, ein sjanger der rapparen skryt av seg sjølv, fornærmar andre og oppfordrar til ordkrig.

Kva i beskrivinga av rapp liknar på beskrivinga av stev? Kva liknar ikkje? Bruk gjerne det du veit om rappsjangeren frå før til å utdjupe svaret ditt.

Lever stevet?

Svaret er ja, så lenge nokon bringar kunnskapen vidare. Framleis er det slik at dei gamle tekstane blir overleverte munnleg og lært bort. Det blir også halde kurs der du kan lære å skrive og syngje stev.

Nystev eller gammalstev? Klarer du å finne ut kva slags stev som blir sunge av Skram og Hoven?

Eva Weel Skram syng stev (NRK.no)
Mari Hoven syng stev (NRK.no)

Ein som har skrive sitt eige stev, er Aasmund Nordstoga. På nettstaden til Noregs Bondelag kan du høyre og lese stevet der Nordstoga utfordrar Sylvi Listhaug som var landbruksminister: Bondelagets markering foran Stortinget i 2014.

Kilder

Aahlin, A. K. (2020, 17. juni). Rap. I Store norske leksikon. https://snl.no/rap

Liestøl, K. & Moe, M. (1960). Norske folkeviser til skolebruk (9. utg.). Jacob Dybwads Forlag.

Stev. (2019, 3. mai). I Store norske leksikon. https://snl.no/stev

Relatert innhald

Om opphavet til mellomalderballadar og folkeviser, og om stil og form i tekstane.

CC BY-SASkrive av Anne Ely Thorenfeldt, Dyre Aanund Vaa og Marthe Moe.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2021

Læringsressursar

Folkedikting