Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegge ein enkel marknadsføringskampanje

Vi skal no steg for steg gå gjennom korleis vi kan lage ein enkel marknadsføringskampanje.
Tavleteikning som illustrerer spreiing av informasjon gjennom sosiale medium. Ei pil går frå éin person til tre andre personar, derfrå går to piler til ei gruppe på fem personar, og derfrå går tre piler til mange andre personar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis planlegge ein kampanjeaktivitet?

Planlegging av ein kampanjeaktivitet

Steg

Fokus

Beskriving

1

Mål for kampanjen

Kva er målet med kampanjen?

  • Fleire besøk til nettsida?
  • Fleire førespurnader til bedrifta?
  • Fleire sal i nettbutikken?
  • Fleire bestillingar via nettsida eller telefon?
  • Auke kjennskapen til eit produkt?

2

Kven er målgruppa vår?

Her må vi tenkje gjennom kven som er i målgruppa vår, til dømes demografiske opplysningar som kjønn og alder, bustad eller spesielle interesser.

3

Kva er bodskapen vår?

Kva ønske og behov har målgruppa? Korleis skal vi fange merksemda til målgruppa, og korleis skal vi få målgruppa til å gjere som vi vil?

4

Kva kanalar skal vi velje?

Kvar finn vi målgruppa vår? Bruker dei sosiale medium, og i så fall kva for nokon? Skal vi annonsere på TV, på radio eller i nettaviser? Utforminga av bodskapen må òg tilpassast kanalane vi vel.

5

Kva skal kampanjen koste?

Kva kostar det å annonsere i dei ulike kanalane, og kvar får vi mest att for pengane? Kva har vi sett av til denne kampanjen i marknadsplanen vår?

6

Oppfølging av kampanjen i kampanjeperioden

Det er smart å teste ulike bodskapar og kombinasjonar av tekst og bilete. Kva bodskapar fungerer bra, og kva fungerer mindre bra? Kan vi gjere endringar undervegs som gir oss eit betre resultat?

7

Analyse av kampanjen

Når kampanjen er avslutta, må vi sjå målet med kampanjen opp mot resultatet. Nådde vi måla våre? Er det erfaringar vi kan ta med oss vidare til neste kampanje?

I artikkelen "Kva er ein marknadsføringskampanje?" finn du fleire detaljar om kvart av punkta ein kampanje bør innehalde.

Døme: Juleball for alle elevane på ein vidaregåande skule

Publikum på ein konsert strekker hendene i veret mot fyrverkeriet på scenen. Foto.

Tenk deg at du og nokre venner ønsker å arrangere juleball for alle elevane på skulen. De startar planlegginga tidleg på hausten. Etter kvart kjem alt det praktiske som lokale, mat, musikk og kanskje underhaldning på plass.

Målet er at flest mogleg elevar skal delta. Korleis skal de få med alle?

De lagar ein marknadsføringskampanje for juleballet.

  • Tidleg på hausten vil de henge opp plakatar på skulen for å gjere juleballet kjent blant elevane.
  • De opprettar ei Facebook-gruppe, eller ein event, og inviterer alle elevane. Her kan alle melde seg på.
  • De ønsker å dele ut ein personleg invitasjon til alle elevane.
  • I Facebook-gruppa postar de jamleg nyheiter om kva som skal skje på juleballet, og kor mange som har meldt seg på.

De lagar med andre ord ein marknadsføringskampanje med ulike aktivitetar for at flest mogleg skal kjenne til, og melde seg på, juleballet. Målet er at flest mogleg av elevane skal delta.

Ein kampanjeplan kan då sjå slik ut:

Tabell med ti kolonner og fire rader. Aktivitetane er plasserte i kvar si rad: Gjere ballet kjent, Invitere og Facebook-gruppe. Kolonnene angir blant anna kva for ein marknadsføringskanal som skal brukast, målgruppa, kven som er ansvarleg for gjennomføringa, og når aktivitetane skal gå føre seg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
OM kampanjeplanen

Innhald

Beskriving

Mål for kampanjen

Skulen har 375 elevar, og målet er at alle skal delta.

Målgruppe

Alle elevar

Bodskap

Bli med på juleball, dette vil du ikkje gå glipp av. God stemning, god musikk, god mat og overraskingar!

Kanalar

Plakat, Facebook-gruppe og personleg invitasjon

Kostnad

Dersom vi sel billettar til 80 % av elevane (300 billettar), kan vi bruke 3000 kr på marknadsføringskampanjen.

Oppfølging av aktivitetane

Vi lagar ein eigen innhaldsplan for posting av innlegg i Facebook-gruppa og ser kva som skaper mest engasjement.

Analyse av kampanjen

90 % av elevane deltok. Dette gjekk veldig bra :)

Innhaldsplanen for kva de skal poste på Facebook, kan sjå slik ut:

Innhaldsplan

Dato

Innhald

Ansvar

15. oktober

Invitere til juleball

Katrine

15. oktober

Status påmelde

Katrine

17. oktober

Status påmelde

Katrine

18. oktober

Kort filmsnutt frå komiteen

Trine

20. oktober

Status påmelde

Katrine

21. oktober

Status påmelde

Katrine

23. oktober

Marknadsføre DJ og musikk

Anders

25. oktober

Invitere – ny invitasjon

Katrine

1. november

Intervju med nokon som er påmeld

Trine

10. november

Vise bilete av maten

Anders

15. november

Intervju med nokre påmelde – kva kjole skal dei ha på?

Trine

osv.

No har de ein plan for kva marknadsføringskampanjen dykkar skal innehalde. Arrangementskomiteen må no følge opp kampanjen med jamlege møte mens han er i gang.

CC BY-SASkrive av Annette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 07.05.2020

Læringsressursar

Utvikle marknadskommunikasjon