Hopp til innhald

Fagstoff

Kva ønskjer vi å seie til målgruppa vår?

Korleis skal vi nå fram til målgruppa med bodskapen vår? For å nå målgruppa må annonsane våre ha ein bodskap og ei utforming som gjer at dei blir lagde merke til. Målgruppa skal bli nysgjerrig og skal ønskje å vite meir om eller kjøpe produktet.
Ein Volkswagen-reklame som viser ein hund med hovudet ut av vindauget i tre forskjellige bilar: bensinbil, elektrisk bil og GTE-bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bodskap

I reklamesamanheng er bodskapen ofte utforma som ein annonse med tekst, grafikk og bilete, eller som ein reklamefilm.

Kva ønskjer vi å oppnå?

Kva vi vil seie, er òg avhengig av kva målet vårt er. Ein annonse eller reklamefilm som skal auke kjennskapen, må vere utforma på ein annan måte enn ein reklame som skal selje. Ein annonse som skal auke kjennskapen, har gjerne fleire bilete og meir informasjon om produktet og speler oftare på kjensler. Ein typisk salsannonse har eitn tydeleg salsutløysande bodskap som seier noko sånt som «Kjøp no! Avgrensa med varer på lager!» eller «20 %  avslag berre denne veka!». Dette er bodskapar som skal få folk til å handle no.

Bodskap for å auke kjennskap eller byggje merkevara

Dersom målet er å auke kjennskapen til bedrifta eller eit produkt bedrifta sel, er det viktig at den som ser annonsen, raskt oppfattar kva slags produkt bedrifta tilbyr. Det må det òg kome tydeleg fram kva som som er unikt med bedrifta eller produktet, og korleis det skil seg frå konkurrentane.

USP-ar – unike salspoeng

Kva er fordelane med produktet vårt framfor konkurrentane sine? Det skal dei unike salspoenga (USP) få folk til å forstå. Fordelane med eit produkt handlar om korleis produktet løyser eit problem, til dømes:

«La robotgrasklipparen gjere jobben. Billegaste på marknaden!»

Fordelar med robotgrasklipparen

Fordel

Korleis

Løyser eit problem / har ein fordel

Sparer tid – fin plen utan arbeid

Unikt salspoeng

Billeg

Tenk etter

Kan du hugse døme på unike salspoeng frå annonsar du har sett?

Fordelar og eigenskapar ved eit produkt

Vi skil gjerne mellom ein eigenskap ved eit produkt og ein fordel. Når vi jobbar med marknadsføring, vektlegg vi ofte fordelane med produktet. Vi kan bruke same døme med robotgrasklipparen:

robotgrasklippar

Eigenskap

Fordel

Klipper inntil 200 kvadratmeter plen utan lading.

Spar tid og krefter med ein robotgrasklippar.

Salsutløysande bodskapar

Når målet er å få målgruppa til å kjøpe, må vi ha ein bodskap som oppmodar til det. Døme på korleis vi kan utforme slike bodskapar, er:

  • Tilbod – 20 %  rabatt på heile butikken
  • Kjøp no og få 50 % rabatt
  • Nyheit!
  • Ta 3, betal for 2
  • Meld deg inn no – tren gratis i 2 månader

Kan du hugse annonsar du har sett med denne typen bodskapar? Ofte fungerer slike salsbodskapar betre med ein kort tidsfrist, til dømes: «Sal! 50 %  – berre denne veka!»

Bruk av personas

Mange bruker òg personas for å forstå målgruppa betre. Ein persona er ei skildring av ein fiktiv person som er typisk for den målgruppa du ønskjer å nå. Er det ei kvinne eller ein mann, kor gammal er personen, kva er familiesituasjonen, kva mål, draumar og behov har personen? Korleis bruker personen sosiale medium, kva aviser les ho, og så vidare? Jo meir detaljert skildringa er, jo lettare er det å utarbeide ein bodskap som treffer.

Kollasj med fire forskjellige personas: kjemikar, snikkar, sjukepleiar, lærar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anten kampanjen er digital eller i analoge kanalar, er det stor sjanse for at potensielle kundar vil leite etter meir informasjon på nettsidene dine. Derfor er det viktig at nettsidene dine er oppdaterte når kampanjen går. Når dei klikkar på digitale annonsar, kjem kundane rett til nettsidene dine, og då oppnår du best resultat dersom sida dei landar på (vi kallar ho landingssida), er tilpassa kampanjen og har same bodskap og tilbod som annonsen.

CC BY-SASkrive av Annette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020

Læringsressursar

Utvikle marknadskommunikasjon