Oppgåve
Marknadskommunikasjon for å redusere økologisk fotavtrykk
I denne oppgåva er målet å bevisstgjere både deg sjølv og andre om økologisk fotavtrykk, og å ta i bruk marknadskommunikasjon for å overtyde andre om å redusere det økologiske fotavtrykket sitt.
Eit økologisk fotavtrykk er ein metafor som seier noko om kor mykje jord- og vassareal som krevst for å produsere dei ressursane vi forbruker, og for å absorbere utsleppa våre.
Om du ønskjer det, kan du ta ein test for å sjå ditt økologiske fotavtrykk. For å ta testen er det naudsynt å registrere seg. Klikk deg inn på «Se ditt fotavtrykk» på nettsida til Ducky.
- Vel deg ut eitt eller to tiltak du kan gjere for å redusere bidraga dine til utslepp. Formuler eitt eller to mål som både er realistiske og konkrete.
- Lag ein digital plakat med målet ditt eller med ei oppmoding til andre. Du kan lage plakaten med programvare du finn på nettet. Her er døme på plakatar laga med verktøya Canva og Fotor:
Gruppeoppgåve
Lag ein reklamefilm der de prøver å overtyde andre om å redusere sitt økologiske fotavtrykk. Ta utgangspunkt i eitt eller nokre få konkrete tiltak. Vis reklamefilmen for klassen.