Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsføringskampanje for Trøll

Kva er eigenleg ein marknadsføringskampanje? Vi skal her bruke den nye fiktive fruktdrikken Trøll som døme når vi ser på korleis vi kan planlegge, gjennomføre og evaluere ein marknadsføringskampanje.
Kollasj med tre reklameplakatar for ein energidrikk: 1 Ein raud drope med teksten Trøll under 2 Ein brusboks med påskrifta Trøll omgitt av slagord, tilbodsmerking og ein QR-kode 3 Ein brusboks med påskrifta Trøll omgitt av flammar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein marknadsføringskampanje?

Ein marknadsføringskampanje handlar om å skape merksemd rundt eit produkt, slik at det fører til auka sal og auka inntekter.

Marknadsføringskampanjar består av ei rekke aktivitetar i ulike medium og på ulike plattformer i ein bestemd tidsperiode og med eit bestemt mål.

Les meir i artikkelen "Kva er ein marknadsføringskampanje?"

Tenk over

Kva for marknadsføringskampanjar har du lagt merke til i det siste?

Marknadsføring versus marknadsføringskampanje

Marknadsføring er noko som går føre seg stort sett kontinuerleg for å skape merksemd rundt eit produkt eller ei merkevare. Ein marknadsføringskampanje derimot blir gjennomført i ein bestemd tidsperiode, gjennomsnittleg i 45 dagar.

Kvifor 45 dagar?

Forskarar har funne ut at cirka 45 dagar er optimalt. Det tek nemleg omtrent seks veker for oss menneske å skape nye vanar og ta til oss ny informasjon slik at vi hugsar han. Så viss ein marknadsføringskampanje varer i omtrent 45 dagar, er det lenge nok til at målgruppa forstår og hugsar innhaldet – og forhåpentlegvis kjøper produktet. (Shaheen, 2021)

Planlegging av ein marknadsføringskampanje

Marknadsføringskampanjar må planleggast nøye og utformast og styrast aktivt for å bli vellykka. Vi kan dele arbeidet med ein marknadsføringskampanje inn i seks trinn.

Les meir i artikkelen "Planleggje ein enkel marknadsføringskampanje".

Trinn 1: Sette mål og budsjett for kampanjen

Når vi skal planlegge ein marknadsføringskampanje, er det viktig at vi har klart for oss kva vi ønsker å oppnå med kampanjen – kva som er målet.

Vi må òg innleiingsvis setje opp ei kostnadsramme for kampanjen, sidan dette vil påverke moglegheitsrommet med tanke på val av kanalar og aktivitetar.

Kva kan vere aktuelle mål for ein marknadsføringskampanje for Trøll?

Sidan dette er ein ny drikk, kan kjennskap og engasjement på sosiale medium vere aktuelle mål, i tillegg til salstal.

Les meir om å setje opp eit budsjett for ein marknadsføringskampanje i artikkelen "Marknadsplan og budsjett".

Trinn 2: Velje målgruppe

For å skape ein effektiv marknadsføringskampanje må vi ha klart for oss kven som er målgruppa for kampanjen. Val av målgruppe påverkar dei neste trinna, som er utforming av bodskap og val av kommunikasjonskanalar.

Kva meiner du kan vere aktuelle målgrupper for Trøll?

Eit døme er unge menneske med ein aktiv livsstil.

Trinn 3: Formulere bodskap

Når vi skal utforme bodskapen, må vi huske på at ein marknadsføringskampanje skal, i tillegg til å marknadsføre eit produkt, formidle verdiane til bedrifta og overordna visjon.

Kva er det vi ønsker å få formidle, og korleis skal vi formulere bodskapen vår? Skal vi spele på kjensler? Skal det vere morosamt, informativt eller underhaldande?

Les artikkelen "Kva ønskjer vi å seie til målgruppa vår?"

Har du forslag til ein bodskap?

Til dømes: Sunn drikk som består av vatn og fruktsmak tilsett vitamin som skal booste energinivået.

Utforming av bodskapen er mykje meir enn tekst, det er heilskapen med layout, fargar, biletbruk med meir.

Sidan Trøll skal vere ei sunn motvekt til energidrikker, er det viktig at desse verdiane kjem fram i marknadsføringskampanjen.

Trinn 4: Velje kanalar

Kva for kanalar skal vi bruke? Er det TV, radio, sosiale medium, influensarar eller andre?

Vi kan òg bruke fysiske kanalar, som marknadsføringsstand og reklameplakatar.

Kva kanalar ville du ha valt?

Eit par døme er reklame på treningssenter og nokre utvalde sosiale medium og utdeling av gratis smaksprøvar i nokre byar.

Vi skal vere forsiktige med å bruke influensarar, då mange av desse rettar seg mot barn. I Noreg har vi ikkje lov til å drive marknadsføring mot barn.

Trinn 5: Gjennomføring

No skal vi setje i verk marknadsføringskampanjen som består av ei rekke ulike aktivitetar, gjerne fordelt på ein periode på 45 dagar. I dette trinnet må vi sørge for at alt fungerer som det skal og eventuelt justere undervegs.

Trinn 6: Evaluering

I evalueringsfasen skal vi måle effekten av marknadsføringskampanjen. Dette kan til dømes gjerast ved å sjå på

  • kjennskap

  • engasjement på sosiale medium

  • salstal

  • marknadsdel

Kjelde

Shaheen, J. (2015, 12. januar). How long should multi-channel advertising last? Technology Therapy Group. https://technologytherapy.com/long-multi-channel-advertising-campaigns-last/

Relatert innhald

Ein marknadsføringskampanje er ein aktivitet som går føre seg ein kortare periode. Kampanjen er gjerne planlagd på førehand som ein del av marknadsplanen.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2023

Læringsressursar

Utvikle marknadskommunikasjon