Lag din eigen annonse på Facebook
Har de dykkar eiga mediebedrift, tar de utgangspunkt i denne. Viss ikkje, kan de høyre om de kan få opprette ein annonse for skulen.
For å annonsere på Facebook klikkar du inn på Facebook Business. Facebook har her sett opp sju trinn for å opprette ein annonse. Bruk desse sju trinna i oppretting av dykkar eigen annonse. I det siste punktet skal de måle effekten av annonsen.
Vel målsetting
Auka sal frå bedrifta sin nettstad er eit døme på ei målsetting for annonsen.
Vel publikum
Her kan du velje kjønn, alder, bustad, interesser m.m.
Bestem kvar annonsen skal visast
I tillegg til Facebook kan du velje at annonsen skal visast i Messenger, på Instagram og i andre mobilapplikasjonar.
Angi budsjett
Du kan her velje mellom dagsbudsjett eller totalbudsjett for annonsen. I tillegg angir du tidsrommet du ønskjer å annonsere.
Vel format
Her vel du formatet på annonsen. I tillegg til tekst kan du bruke eit vanleg bilete, ei samling av bilete, biletkarusell, video m.m.
Send inn bestilling
Facebook bruker ein auksjonsmetode for å avgjere kva for annonse som skal visast til kva brukar. Om din annonse vinn auksjonen, kjem an på budsjettet ditt, relevans for brukaren og kvaliteten på annonsen.
Mål og administrer annonsen
I annonseadministrasjonen på Facebook kan du følgje med på kor stor effekt annonsen har. Kor mange har vist engasjement for annonsen, og har annonsen generert auka sal for bedrifta?