Hopp til innhald

Fagstoff

Verkemiddelbruk i reklamefilm

Å treffe kjensler er sentralt når reklame blir planlagd og produsert. Verkemiddelbruken kan til dømes vere å bruke humor eller alvor, eller å lage ei trist forteljing. Samtidig må målgruppa sjå nytteverdien av det som det blir reklamert for. Sjå filmen nedanfor, som fortel meir om dette.

No som du har lært meir om verkemiddelbruk i reklamefilm, skal du få sjå ein reklamefilm frå Statens vegvesen. Tenk over det følgjande:

  • Kva verkemiddel blir nytta i denne reklamefilmen?
  • Vi har tre retoriske appellformer som kan brukast til å overtyde andre. Den første, som blir kalla etos, appellerer til truverd. Dei to andre appellformene er logos, som står for sak og fakta, og patos, som speler på kjenslene til mottakarane. Kjem dei retoriske appellformene til uttrykk i reklamefilmen frå Statens vegvesen?
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2021

Læringsressursar

Utvikle marknadskommunikasjon