Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk av konkurransemiddel hos Adams Matkasse

I denne oppgåva skal de utforske korleis Adams Matkasse bruker konkurransemiddel.
Adam Bjerck frå Adams Matkasse står på eit lyst kjøkken og smiler mot kamera. Han har på seg lyseblå skjorte og eit grønt forkle med firmalogoen til Adams Matkasse på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I videoen nedanfor kan du høyre Adam Bjerck og Lasse Smedsvig fortelje om etableringa av Adams Matkasse.

Nettstad: https://adamsmatkasse.no/

Oppgåve

Ta utgangpunkt i minst tre av punkta nedanfor og utforsk korleis Adams Matkasse kombinerer ulike konkurransemiddel. Samarbeid gjerne med medelevar i grupper på 2–4 personar.

  • Utforsk produkt- og merkevarestrategien til Adams Matkasse og vurder korleis dei bruker produkt som konkurransemiddel.

  • Utforsk distribusjonsstrategien til Adams Matkasse og vurder korleis dei bruker distribusjon som konkurransemiddel.

  • Utforsk prisstrategien og prissetjingsmetoden til Adams Matkasse og vurder korleis dei bruker pris som konkurransemiddel.

  • Utforsk kommunikasjonsstrategien til Adams Matkasse og vurder korleis dei bruker marknadskommunikasjon som konkurransemiddel.

  • Utforsk og vurder korleis Adams Matkasse kombinerer ulike konkurransemiddel.

  • Reflekter over og vurder rolla til personalet og leiinga i Adams Matkasse.

Presenter for klassen eller for éi eller fleire av dei andre gruppene i klassen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2021

Læringsressursar

Marknadsmiks