Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Alias-oppgåve

Har du spelt Alias nokon gong? I denne oppgåva skal du forklare fagomgrep knytte til konkurransemidla etter reglane i spelet Alias.
Ungdommar gjer gruppearbeid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reglar

Alias er eit spel som går ut på å forklare ord til medspelaren på same lag utan å bruke sjølve ordet. I originalversjonen skal ein til dømes forklare ordet BUSS, og då kan ein seie: kollektivt køyretøy som fraktar personar, motorisert, stoppar på haldeplassar, og så vidare.

Her skal elevane forklare fagomgrep utan å bruke sjølve ordet.

Organisering

Klassa blir delt inn i grupper på fire, som igjen blir delte inn i to par. Då er to og to på lag og speler mot det andre paret i firargruppa. Gruppa får delt ut fagomgrepa. Kvart lag får eitt minutt per tur til å forklare fagomgrepa for kvarandre. Dei to som ikkje er på det aktive laget, passar tida. Laget gjettar så mange ord som mogleg på eitt minutt og får eitt poeng for kvart ord dei gjettar riktig. Laga speler annankvar gong heilt til alle lappane er brukte opp. Det laget som har flest riktige, er vinnaren innanfor firargruppa.

Forklar omgrepa

  1. konkurransemiddel
  2. marknadsmiks
  3. produkt
  4. distribusjon
  5. pris
  6. marknadskommunikasjon
  7. personale
  8. produktsortiment
  9. produktutvikling
  10. merkevare
  11. service
  12. konkurransebasert prissetjing
  13. kostnadsbasert prissetjing
  14. verdibasert/marknadsbasert prissetjing
  15. psykologisk prissetjing
  16. indirekte distribusjon
  17. intensiv distribusjon
  18. eksklusiv distribusjon
  19. marknadsdel
  20. intern marknadsføring
  21. ekstern marknadsføring
  22. interaktiv marknadsføring
  23. detaljist
  24. grossist
  25. massekommunikasjon
  26. kommunikasjonskanal
  27. reklame
  28. sosiale medium
  29. mediemiks
CC BY-SASkrive av Caroline Eriksen Krilic og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Marknadsmiks