Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

PechaKucha-presentasjon om konkurransemiddel

Konkurransemiddel er strategiske verkemiddel som verksemder bruker for å posisjonere seg i marknaden. Måten ei verksemd bruker og kombinerer konkurransemidla på, blir kalla marknadsmiks. No skal du prøve å beskrive, forklare og reflektere over dette ved å lage din eigen PechaKucha-presentasjon.
Eit bord blir brukt som bilete på samspelet mellom konkurransemiddel, der produktet er bordplata, mens konkurransemidla distribusjon, marknadskommunikasjon, pris og personale er bordbeina. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

PechaKucha er ei presentasjonsform der presentasjonen varer i 6 minutt og 40 sekund, ved hjelp av 20 lysark/bilete som berre kan visast i 20 sekund kvar. 20 lysark · 20 sekund = 6 minutt og 40 sekund. Lysarka består av bilete som er med på å formidle bodskapen til den som snakkar. Lysarka inneheld vanlegvis ikkje tekst.

Reglane for PechaKucha-en er ikkje absolutte, men hovudføremålet med presentasjonsforma er å formidle ein bodskap på ein tydeleg, presis, kort og konsis måte.

Oppgåve

Du skal lage ein PechaKucha (med 20 lysark) der du beskriv, forklarer og reflekterer over konkurransemidla.

Du kan anten spele inn presentasjonen din som ei videofil som du deler med faglæraren eller klassen din, eller halde presentasjonen munnleg framfor læraren og klassen din.

Oppgåva eignar seg òg godt til gruppearbeid.

Tips om verktøy for å lage presentasjonen

Det er fleire verktøy som kan passe når du skal lage presentasjonen. Her er nokre forslag:

  • Microsoft PowerPoint

  • Google Presentasjoner

  • Prezi

  • Microsoft Sway

Du kan bruke Screencast-O-Matic eller innspelingsfunksjonen i PowerPoint for å spele inn presentasjonen.

Kjelde

Sundstrøm, K. (2019, 17. juni). PechaKucha 20x20. I NDLA. https://ndla.no/nb/article/18407

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Marknadsmiks