Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marknadsmiksen til Cubus og Carlings

I denne oppgåva skal de utforske og vurdere korleis Cubus og Carlings kombinerer ulike konkurransemiddel. Samarbeid gjerne i grupper på 2–4 elevar.
Inngangspartiet til ein stor Cubus-butikk på eit kjøpesenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Cubus er ei av Skandinavias største kleskjeder med lågprisklede til barn, kvinner og menn. I Noreg har mange Cubus-butikkar eige parfymeri. Selskapet Cubus AS er eigd 100 prosent av Varner AS. Cubus blei ein del av Varner på 1980-talet.

Sjå meir informasjon på nettstaden til Cubus: https://cubus.com/no/bedriftssider/om-cubus/om-oss

Klesplagg og interiør i Carlings-butikken på kjøpesenteret Lagunen Storsenter i Bergen, september 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Carlings kallar seg jeans-eksperten i Norden med røter i subkultur og trendar. Selskapet Carlings AS er eigd 100 prosent av Varner AS. Carlings blei ein del av Varner på 1980-talet.

Sjå meir informasjon på nettstaden til Carlings: https://carlings.com/no/corporate/om-carlings/about-us/

Oppgåve

  1. Utforsk og vurder korleis Cubus kombinerer ulike konkurransemiddel.

  2. Utforsk og vurder korleis Carlings kombinerer ulike konkurransemiddel.

  3. Presenter marknadsmiksen til Cubus og Carlings.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2021

Læringsressursar

Marknadsmiks