Distribusjon
Verksemder er avhengige av å få levert produkt på rett stad og til rett tid. Val knytte til distribusjon kan derfor vere avgjerande for om ei verksemd vil lykkast. Tilgjengelegheit er nøkkelordet innan distribusjon.
Ei verksemd må vurdere nøye kvar ho ønskjer å få plassert produkta sine, både i form av kvar butikkane er plasserte, og kvar på hyllene produkta blir plasserte. Det er avgjerande at produkta er tilgjengelege for kundane.
Internett kan òg karakteriserast som ei plassering, sjølv om det ikkje er snakk om ein fysisk stad. Netthandel held fram med å vekse i rekordfart, og mange verksemder satsar på distribusjon via internett.
Val av distribusjonsform går ut på om produkta går direkte frå produsenten til kundane eller via mellomledd. Kjøper du deg til dømes ei flaske Coca-Cola, har ho gått gjennom fleire mellomledd for å nå ut til deg som kunde.
Direkte distribusjon
Direkte distribusjon betyr at vara eller tenesta som blir produsert, går direkte frå produsenten til kundane utan noka form for mellomledd. Verksemda har sjølv kontakt med kunden og held lager.
Indirekte distribusjon
Vi snakkar om indirekte distribusjon når det blir brukt mellomledd for å få produkt ut til kundane. Slike mellomledd kan til dømes vere grossistar og detaljistar.
Indirekte distribusjon er vanleg for dei fleste masseproduserte varer. Masseproduksjon føreset nemleg store kundegrupper, og for å nå desse gruppene krevst det massedistribusjon med ei rekkje mellomledd som sørgjer for at varene blir tilgjengelege for flest moglege kjøparar.
Ei av distribusjonsavgjerdene er val av distribusjonsgrad. Val av distribusjonsgrad dreier seg om kor lett tilgjengelege produkta skal vere. Rolex-klokker er eit døme på eit produkt som er lite tilgjengeleg, og som blir distribuert eksklusivt.
Vi kan skilje mellom
intensiv distribusjon (produktet er å få tak i nærast overalt)
selektiv distribusjon (produktet blir distribuert selektivt og finst ikkje "overalt")
eksklusiv distribusjon (berre éin eller svært få butikkar kan selje produktet)
Distribusjonskanalen er vegen eit produkt tek frå produsenten til forbrukaren. Valet av distribusjonskanal beskriv kor mange og kva type mellomledd som får produkta fram til kunden.
Kanalmedlemmer er verksemder som alle bidreg til at produkta når fram til kunden. Distribusjonsvegen kan samanliknast med ein kanal, der produktet blir skipa frå startstaden til endestasjonen.
Kanalmedlemmer kan vere grossistar, agentar, detaljistar og kommisjonærar.