Hopp til innhald

Fagstoff

Pris

Når vi skal bestemme pris på eit produkt, er det mange ting å tenke på. Vi må vite kven som er kundane våre, og kva for konkurrentar vi har. Er prisen for låg, blir fortenesta lita. Er prisen for høg, mistar vi kundar.
Boksar med titlane: "Vel prisstrategi", "Vel prissetjingsmetode", "Bruk relevant priskalkyle", "Juster prisen", "Endeleg pris på produkt". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva skal produktet vårt koste?

Prisen er den verdien som skal til for at eit produkt skal skifte eigar. I daglegtale er prisen det pengebeløpet som ein seljar får frå ein kjøpar for eit produkt.

Sjølv om ei bedrift står fritt til å setje den prisen ho ønsker på eit produkt, er det fleire omsyn å ta:

  • Prisen må vere slik at kundane synest produktet er verd prisen.
  • Prisen må vere så høg at bedrifta går med overskot og får dekt kostnadene sine.

Kva er riktig pris?

For å kunne berekne "riktig" pris på eit produkt må vi òg ha svar på desse spørsmåla:

  • Kor mykje er marknaden (kundane) villig(e) til å betale?

  • Kva kostar produktet oss?

  • Kva pris tek konkurrentane for same typen produkt?

Prisstrategi

Med utgangspunkt i produktet vårt, kundar og konkurrentar må vi først vedta kva strategi vi vil bruke i prissetjinga. Vi har tre strategiske mogelegheiter:

  • høg pris

  • låg pris

  • nøytral pris

Dei ulike prisstrategiane er nærmare beskrivne i artikkelen "Prisstrategiar".

Prissetjingsmetodar

Etter å ha valt ein prissetjingsstrategi må vi velje ein eigna prissetjingsmetode. Vi har fire ulike prissetjingsmetodar:

  • verdibasert/marknadsbasert

  • kostnadsbasert

  • konkurransebasert

  • dynamisk

Dei ulike prissetjingsmetodane er nærmare beskrivne i artikkelen "Prissetjingsmetodar".

Priskalkylar

Etter å ha valt ein prissetjingsmetode må vi velje ein eigna priskalkyle. Vi har to typar:

  • bidragskalkyle

  • sjølvkostkalkyle

Ved verdibasert prising og konkurransebasert prising bruker vi ein bidragskalkyle for å finne ut kor mykje den gitte prisen vil bidra med i dekning av dei faste kostnadene for verksemda og forteneste.

Sjølvkostkalkylen, som kan forenklast til ein avansekalkyle eller ein påslagskalkyle, blir brukt ved kostnadsbasert prissetjing. Kalkylane tek utgangspunkt i kostnadene for verksemda ved utrekning av pris.

Justering av pris

Når du bruker kostnadsbasert, konkurransebasert eller marknadsbasert prissetjing, bereknar du ein basispris. I mange tilfelle bør du deretter justere prisen ved bruk av

  • psykologisk prising

  • prisdifferensiering

  • rabatt- og bonusordningar

Det er vanleg å justere prisen til ein psykologisk riktig pris. Det er til dømes lettare å selje ein genser for 199 kroner enn for 200 kroner.

Differensiering avhengig av målgruppe, geografi, tid eller bruk er òg vanleg. Dette blir kalla prisdifferensiering, og då blir pris brukt som eit konkurransemiddel for å oppnå ei større omsetning. Det er til dømes dyrast å reise med familien til varmare strøk i skuleferien.

For å få selt fleire produkt kan det nokre gonger vere formålstenleg å gi kundane rabatt på produkt eller tilby ulike bonusordningar, noko som gjer at den endelege prisen blir lågare enn basisprisen.

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye og Tone Hadler-Olsen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 26.07.2023

Læringsressursar

Marknadsmiks