Hopp til innhald

Fagstoff

Personale

Personalet blir i nokre samanhengar omtalt som den femte og siste p-en i rekkja av konkurransemiddel. Kan du tenkje deg til kvifor personale kan sjåast på som eit konkurransemiddel?
Ein mann i svart dress held opp eit kvitt kort med smilefjes på. Foto.

Personalet i ei verksemd representerer ein viktig verdi. Denne verdien kjem både verksemda og kundane til gode. Verdien av kvalifikasjonane, evnene og kunnskapen til personalet og leiinga kan omtalast som humankapital.

Konkurransemidla heng saman. Det er denne samanhengen vi kallar marknadsmiks. Personale kan sjåast på som eit konkurransemiddel som saman med resten av konkurransemidla – produkt, pris, distribusjon og marknadskommunikasjon – er viktig for at verksemder skal kunne lykkast med å påverke etterspørselen, posisjonere seg i marknaden og byggje eit godt omdøme.

Personale blir i nokre samanhengar også omtalt som ein av dei fem p-ane i rekkja av konkurransemiddel, saman med produkt, pris, plassering og påverknad.

Tenk over

Kva trur du er viktige føresetnader for at personalet skal kunne yte sitt beste og tilføre verdi til ei verksemd?

Personalet

Mange produkt og produksjonsteknikkar kan kopierast, men relasjonane mellom menneska i ei verksemd og kundane deira er mykje vanskelegare å kopiere.

Rolla til personalet kan vere svært viktig for kjøpsopplevinga til kundane. Til dømes kan ein dyktig seljar med god produktkunnskap i mange tilfelle vere avgjerande for om kunden handlar noko. Ei god kjøpsoppleving vil også kunne føre til større sannsyn for nye kjøp seinare, som igjen kan leggje grunnlaget for langsiktige og lønsame kundeforhold.

God service er viktig. I filmen nedanfor tek serviceekspert Katarina Lalander Hamnes oss med til tre ulike verksemder som lykkast med service, og forklarer kva som kjenneteiknar god service. Katarina har i ei årrekkje kursa nokre av dei største bedriftene i Noreg i god kundebehandling.

For at menneska i ei verksemd skal yte sitt beste og tilføre verksemda verdi, må dei ha riktig kompetanse ut frå kva oppgåver dei skal utføre. Det er viktig at leiinga i ei verksemd sørgjer for å tilsetje menneske med den kompetansen som verksemda treng, og at kompetansen blir vidareutvikla og tilpassa når behova i verksemda endrar seg.

Verksemda må også ha system som varetek den enkelte tilsette både fagleg og sosialt, slik at trivselen blir så høg som mogleg. Trivsel på arbeidsplassen sørgjer for større produktivitet og høgare kvalitet på arbeidet. Med tanke på kor stor del av livet vårt vi bruker på jobb, forstår vi at det er viktig at vi skal trivast.

Eit team med unge, smilande menneske tek ein "high five" over eit skrivebord i eit lyst lokale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personalet er involvert i tre typar marknadsføring. Vi kallar det når det er snakk om marknadsføring frå verksemda ut til kundane.

Ein annan type marknadsføring er , der leiinga mellom anna motiverer og lærer opp sine tilsette. Personalet i ei verksemd representerer ein viktig verdi. Denne verdien kjem både verksemda og kundane til gode.

Den tredje typen av marknadsføring er , der det er snakk om kundekontakt og personleg service. For ei verksemd er det viktig at personalet har god produktkunnskap og er serviceinnstilt og engasjert.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2021

Læringsressursar

Marknadsmiks