Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Snart i ein frysedisk nær deg?

I denne oppgåva skal du jobbe med ein oppdikta case om McDonald's. Utgangspunktet er ein idé om frosne burgarmenyar som kan varmast opp heime. Du skal hjelpe til med å vurdere ideen og setje opp ein grunngitt marknadsmiks.
Ei hand held ein dobbel cheeseburgar med salat og dressing. I bakgrunnen kan ein skimte den gule og raude logoen til McDonald's. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

NB! Dette er ein oppdikta case. Det finst altså ingen kjende planar om å verkeleg lansere dei frosne burgarmenyane.

Førestill deg ein person som heiter Tina Ulriksen, som er marknads- og produktutviklar for McDonald's Norge. Det siste året har ho jobba målretta med å auke det totale salet av dei ulike produkta til restaurantkjeda, for på den måten å forbetre det økonomiske resultatet til selskapet.

For å oppnå den ønskte veksten har ho sett på alle konkurransemidla. Dette har mellom anna ført til meir satsing på temamenyar som til dømes "El Maco". Ho ser òg på effektive bestillingsrutinar gjennom at gjestane sjølve gjennomfører bestilling og betaling utan å måtte stå i kassakø.

Marknadskommunikasjonen til restaurantane har blitt meir konkret og målretta, slik at han treffer målgruppa betre. I tillegg kan du no få levert mat frå McDonald's på utvalde stader i Noreg – dette skjer i samarbeid med bodtenestene Foodora og Wolt.

Den nyaste ideen til Tina er frosne burgarmenyar som kan varmast opp i mikrobølgje- eller steikjeomn. Ho ønskjer at målgruppa skal få eit tettare forhold til McDonald's ved at dei også kan kjøpe produktet i vanlege matbutikkar, for så å varme det opp og ete det heime. Med andre ord: enkle middagar for éin eller fleire personar.

Det er dei klassiske menyane "Happy Meal", "Big Mac" og "Quarter Pounder" (altså burgar, pommes frites og eventuelt ei lita leike) som er klare for ei eventuell prøvelansering.

Leiinga i McDonald's Norge er i utgangspunktet positive, men samtidig litt negative. Dei er positive fordi dei ønskjer at dei gode produkta dei leverer, skal vere tilgjengelege for alle, overalt og til kvar tid – slik at målgruppa skal kunne nyte maten sin når dei sjølve ønskjer det.

Samtidig er leiinga litt negative fordi dei er redde for at produktet er så bra at folk like gjerne ønskjer å ete det heime, og at dei derfor sluttar å besøkje restaurantane. Dei er også bekymra for at matbutikkane kan starte priskrig med kvarandre, og på den måten også ramme restaurantane – sidan McDonald's trass alt ikkje kan setje ned prisen mykje.

Oppgåve

  1. For å kunne overtyde leiinga om at det er ein god idé å innføre frosne burgarmenyar, treng Tina di hjelp til å setje opp ein grunngitt marknadsmiks.

    Du skal drøfte og gjere greie for aktuelle forhold relaterte til konkurransemidla produkt, pris, distribusjon og marknadskommunikasjon.

    For å kunne tilpasse konkurransemidla best mogleg er det lurt å ta utgangspunkt i ei realistisk målgruppe.

  2. Drøft og grunngi om du ville ha rådd McDonald's til å satse på frosne burgarmenyar eller ikkje, dersom dette var ein reell case.

Relatert innhald

Produktet blir ofte sett på som det viktigaste konkurransemiddelet. Utan eit produkt har vi heilt enkelt ikkje noko å marknadsføre.

Distribusjon er alt som skjer med eit produkt frå det er ferdig produsert til det er tilgjengeleg og har nådd ut til sluttbrukaren.

CC BY-SASkrive av Thorgeir Røer.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Marknadsmiks