Kva parti skal eg røyste på?
Når du skal velje parti å røyste på, tek du omsyn i to retningar: Du røystar på det partiet som du meiner best tek hand om både dine eigne interesser, og interessene til fellesskapen. Ein veljar skal altså ikkje berre tenkje på seg sjølv, men også på samfunnet rundt seg og på miljøet.
Når du skal finne ut kva dei ulike partia står for, og kva dei meiner er viktige saker å arbeide for, er dette informasjon som du finn i partiprogramma. Men det er ikkje gjort i ei handvending å lese desse skikkeleg. Her er nokre tips om korleis du på ein litt enklare måte kan finne ut kven du er samd med:
- Følj med i radio, TV og aviser. Fleire massemedium satsar stort inn mot stortingsvalget i 2017 for å nå dei unge. Mellom anna vil NRK ha ei stor satsing i P3.
- Følj med i debattane på TV. Her kjem det som oftast ganske tydeleg fram kva dei ulike partia meiner i aktuelle saker. Dei blir lagde ut på nettet etter sending, og her kan du naturlegvis spole fram til dei interessante tema.
- Følj med på de sosiale media. Dei politiske partia tek i bruk sosiale medium som Facebook, Twitter og Instagram i stadig større grad. Videoar på Facebook blir vinnaren i valkampen, spår medieforskerane. Også massemedia tek i bruk sosiale medium i større grad.
- Kva saker vurderer du som viktige og kvifor? Sjekk kva dei ulike partia meiner om akkurat desse sakene. Du kan gå inn på nettstaden til kvart parti, finne partiprogrammet og lese der. Eller du kan finne alle partiprogramma på nettstaden til NSD (Norsk samfunnsvitskapleg datateneste. Sjå lenkje). Dei fleste partiprogramma er delte inn i tema med overskrifter, så du treng ikkje lese heile programmet for å finne det du er interessert i. Eit alternativ er å spørje dei partirepresentantane som du treff i valkampen, på skolen eller på gata.
- Delta i debatten. Stadig fleire engasjerer seg i den politiske debatten på nettet. Ikkje minst gjennom sosiale medium. Kvifor ikkje invitere venner på Facebook til ein politisk debatt, eller som ein stad for å spørje kva parti du skal stemme på?
Husk at alle partia køyrer fram "lettseljelege" saker i valkampen. Dei sel "valflesk" for å få røyster. Det er ikkje nok å sjekke valflesket når du skal bestemme deg. Du må vere kritisk. Når eit parti til dømes vil "fjerne formuesskatten" eller "overføre meir pengar til skole", må du stille deg spørsmålet: "På kostnad av kva?"
Politikk handlar i stor grad om bruk av pengar, pengane til fellesskapen. Inntektene er dei summane som kjem inn gjennom skattar og avgifter. Utgiftene finansierer alle fellesgoda: gratis utdanning, billeg lege, politi som held orden, vegar, sjukehus, stønad til næringar som skaper arbeidsplassar, sosialhjelp og lønn til dei som blir sjuke eller uføre, osv. Dette er altså ein rekneskap som skal balansere (i statsbudsjettet). Politikarane kan ikkje planleggje å bruke meir skattepengar enn det dei har planlagd å få inn. Partia er usamde om kor mykje av pengane til folk som skal gå til fellesgode, og kor mykje dei sjølv skal få bruke som dei vil, med andre ord, kor høgt skattenivå vi skal ha.
Vi har ulike aksar i politikken som vi kan plassere dei ulike partia på. Til dømes har vi tradisjonelt hatt ein akse som går frå venstre til høyre. Her har vi kunna plassere dei ulike partia etter i kva grad dei er sosialistiske (til venstre) eller ikkje-sosialistiske/konservative (til høgre). Det er ikkje så lett å plassere alle parti på ein slik akse lenger, for både samfunnet og partia endrar seg stadig. Men framleis er det slik at vi finn parti som Høgre og FrP på høgresida av denne aksen og Arbeidarpartiet, SV og Raudt på venstresida. Mellompartia eller sentrumspartia ligg i mellomfeltet. Her finn vi Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Dei ulike partia blir også knytte til fargar. Dei som bruker blått er ikkje-sosialistiske parti. Dei som bruker raudt, er parti som vi finn på venstresida. Grønt blir mest brukt av parti med miljøprofil.
Det er fleire politiske skiljeliner mellom partia. Ei slik skiljeline går på balansen mellom offentleg og privat verksemd og økonomisk utjamning. Ei anna skiljeline er spørsmålet om kristen tru og moral. Dei siste tiåra har det dukka opp to nye skiljeliner mellom partia. Den eine er synet på økonomisk vekst og vern av natur og miljø, og den andre er knytt til synet på innvandring, u-hjelp og lov og orden. Så spørsmålet er kvar du sjølv vil plassere deg i høve til desse politiske skiljelinene og kva dei ulike partia meiner i høve til dei.
Du kan berre stemme på eitt parti. Du må sjølv finne ut kva saker som er viktige for deg, og ut frå det finne ut kva parti som passer. Godt val!
Nyttige lenker
Relatert innhald
Politiske skiljelinjer, eller konfliktlinjer, er varige og grunnleggjande motsetningar i samfunnet og mellom veljarane.