Røysteretten
Vi har eit representativt demokrati. Det vil seie at vi vel representantar som styrer på vegner av oss. Annakvart år har du høve til å bruke røysteretten din. Det er stortingsval, kommune- og fylkestingsval og sametingsval kvart fjerde år.
For å røyste må du fylle 18 år i løpet av valåret og stå i manntalet. Ved stortingsval må du vere norsk statsborgar. Ved kommune- og fylkestingsval kan nordiske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av året, og som er registrert i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni samme år, stemme.
Innvandrarar frå land utanfor Norden, og som har budd i Noreg samanhengande i tre år, kan også stemme, sjølv om dei ikkje er norske statsborgarar.
Røysteretten har endra seg sidan 1814 som eit resultat av at nye grupper i befolkninga har kjempa seg fram til demokratiske rettar.
1814: avgrensa røysterett for menn over 25 år
1898: allmenn røysterett for menn
1907: avgrensa røysterett for kvinner frå borgarskapet
1910: allmenn røysterett for kvinner ved kommuneval
1913: allmenn røysterett for kvinner ved alle val
1920: røysterettsalderen sett ned til 23 år
1946: røysterettsalderen sett ned til 21 år
1967: røysterettsalderen sett ned til 20 år
1978: røysterettsalderen sett ned til 18 år
2011: Forsøksorning i 20 kommunar med stemmerett for 16-årinar ved kommune- og fylkestingsval.
Relatert innhald
Røysteretten er ein politisk ressurs. Gjennom den kan du påverke samansetjinga av Stortinget og andre organ som er folkevalde.
Det er vi som bur i landet, som skaper politikk gjennom det engasjementet vi viser. Vi har fleire kanalar for slik politisk innverknad: