Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommunespelet b.stem

b.stem er eit digitalt rollespel om medverknad og lokaldemokrati som kan setjast opp i alle klasserom. I gruppearbeid drøftar elevane informasjon frå ulike kjelder og får innsikt i korleis ein kan påverke det politiske systemet.
Tre elevar sit rundt eit bord med laptopar og pratar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digital læringsressurs

b.stem er ein digital læringsressurs tilpassa kompetansemåla i samfunnsfag etter 10. trinn og Vg1/Vg2. Det blir sett enkelt opp i eit klasserom, blir styrt av lærar og er gratis å nytte. Ressursen er strukturert som eit rollespel. Elevane utgjer Snasen ungdomsråd og blir bedt om å gi tilrådinga si til Snasen kommunestyre om å prioritere bygging av ungdomshus eller idrettshall.

Bakgrunnen er alvorlege ungdomsopptøyar i kommunen, og kommunestyret har vedtatt å førebygge vidare eskalering. Elevane blir delt inn i fem ulike ansvarsområde. Dei må hente ut og samanlikne informasjon frå ulike kjelder, vurdere formål og relevans og presentere ulike løysingsforslag for kvarandre. Hensikta er å skape forståing og interesse for korleis lokaldemokratiet fungerer og korleis dei unge sjølv kan påverke politiske prosessar som gjeld dei.


Her kan du sjå elevar spele b.stem:

Korleis kjem eg i gang?

Læraren bør rigge opp b.stem og organisere klasserommet i fem grupper på førehand. Du treng ein lærar-PC, fem elev-PC-ar, projektor, lyd og god trådlaus nettilgang. b.stem kan spelast på både bokmål og nynorsk. Vidare instruksjonar får de i lærarrettleiinga og instruksjonsfilmen under.

Lærarrettleiing finn du hos ks.no.

Sjå instruksjonsfilm:

Viss du har følgt lærarrettleiinga og dratt storskjermvindauget over til skjermen eller lerretet, men ser at storskjermvindauget har for høg oppløysing, kan du justere dette ved å gå til oppsett for skjerminnstilling og prøve deg fram til riktig oppløysing.

NB: Det er ikkje mogleg å køyre gjennom b.stem utan at fem elev-PC-ar har logga seg inn med koden læraren har fått. Her er eit triks dersom du ønsker å teste b.stem utan elevar, men ikkje har fem ekstra PC-ar: Du kan opne fem nye vindauge i nettlesaren, gå inn på elevsida i b.stem og logge deg på som fem elevar. Du vil dessverre få opp det same ansvarsområdet i alle «elev-vindauga». Dokumenta i alle gruppene er likevel gitt att i den skriftlege lærarrettleiinga, så det er lurt å gå gjennom denne på førehand.

Lykke til!

Spel b.stem

CC BY-SARettshavar: KS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2020

Læringsressursar

Medborgarskap og makt