Røysterett for 16-åringar: føremål og resultat
Føremålet med prosjektet var "å prøve ut hvordan nedsatt stemmerettsalder til 16 år påvirker ungdoms politiske deltakelse og engasjement i lokalsamfunnet" (Forskrift om forsøk med nedsatt stemmerettsalder til 16 år ved kommunestyrevalget i 2015, 2015, §2).
Tenk over: Burde eit slikt prosjekt ha fleire føremål? Kan det vere fleire grunnar til å gi 16-åringar røysterett enn å auke ungdommen si politiske deltaking og engasjement i lokalsamfunnet?
Forsøket vart evaluert av Norsk institutt for samfunnsforskning. Her er hovudfunna i ein av rapportane deira:
Det generelle biletet er at ei eventuell senking av røysterettsalderen vil få små konsekvensar for det norske demokratiet. Dei som fryktar negative konsekvensar av å gi så unge personar røysterett, har ikkje så mykje å frykte, mens dei som håper på positive endringar, godt kan dempe forhåpningane sine. Konkret finn vi:
- Valdeltakinga blant 16- og 17-åringar er overraskande høg, og ligg så vidt under deltakingsnivået for alle veljarar samla. Den totale valdeltakinga blir altså uendra av at 16- og 17-åringar får røysterett. Dei aller yngste veljarane har ei høgare deltaking enn veljarar i aldersgruppa 19–25 år. Mykje tyder på at det å gå på vidaregåande skule og å vere ein integrert del av eit sosialt nettverk i heimkommunen sin har ein positiv effekt på deltakinga.
- Vi finn ikkje nokre indikasjonar på at dei som får røysterett i ein alder av 16 eller 17 år, etablerer ein vane om å røyste som gjer at dei er meir tilbøyelege til å røyste seinare i livet. Dei som fekk røysterett som 16-/17-åringar i 2011 er ikkje meir tilbøyelege til å røyste – verken ved stortingsvalet i 2013 eller lokalvalet i 2015 – enn andre på same alder. Resultata tyder derfor ikkje på at ein senka røysterettsalder vil ha ein positiv effekt på valdeltakinga på lang sikt, slik mange har håpt eller ønskt.
- Dei sosiale skilnadene i valdeltaking som vi ser i den vaksne befolkninga, ser ut til å vere like store blant ungdommar. Slike skilnader forsvinn altså ikkje sjølv om ein senkar røysterettsalderen. Likevel er det viktig å understreke at dei vidaregåande skulane potensielt kan bidra til å avgrense sosiale skeivskapar i politisk deltaking i denne aldersgruppa (sjå Winsvold og Ødegård 2016).
- Det er berre små skilnader i politiske preferansar mellom ungdommar og vaksne. Ungdommane sine røyster fordeler seg på dei politiske partia i Noreg, omtrent som i den vaksne befolkninga. Det betyr at ei eventuell senking av røysterettsalderen vil ha lite å seie for styrkeforholdet mellom partia.
- Lokalmedia si dekning av forsøket har jamt over vore positiv; kritiske røyster har vore så å seie fråverande. Dekninga har i stor grad handla om kva for saker ungdom er opptekne av, og valdeltakinga blant ungdom. I nasjonale medium har røysterettsforsøket nesten ikkje vore omtalt.
- Når røysterettsalderen blir senka, aukar den politiske representasjonen av unge. Det vart valt inn fleire unge kommunestyrepolitikarar som følgje av forsøka med senka røysterettsalder. Dette er truleg det mest konkrete politiske utslaget av forsøka med røysterett for 16-åringar. Unge politikarar er generelt underrepresenterte i kommunestyra i Noreg, og røysterett for 16-åringar kan altså vere eit verkemiddel for å endre på dette. Evalueringa viser også at mange av dei nyleg innvalde unge politikarane har ei positiv oppleving av å ha reell innverknad, mens nokon opplever å bli sett i ein bås som «ungdomspolitikarar».
(Bergh, 2016, s. 7–8)
Gitt att med tillating frå Institutt for samfunnsforskning.
CC BY-ND
- Bergh, J. (2016). Hva skjer når 16-åringer får lov til å stemme? Resultater fra evalueringene av to forsøk med nedsatt stemmerettsalder (Institutt for samfunnsforskning rapport 19/2016). Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/c053b1449d434c3187585c89ce2a0ccb/rapport_19_2016_web-endelig.
- Forskrift om forsøk med nedsatt stemmerettsalder til 16 år ved kommunestyrevalget i 2015. (2015). Forskrift om forsøk med nedsatt stemmerettsalder til 16 år ved kommunestyrevalget i 2015, i følgende kommuner: Marker, Oppegård, Hamar, Gausdal, Horten, Porsgrunn, Lillesand, Mandal, Stavanger, Hå, Austevoll, Luster, Eid, Kristiansund, Klæbu, Namdalseid, Tysfjord, Målselv, Vadsø og Kautokeino kommuner, Østfold, Akershus, Hedmark, Oppland, Vestfold, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag), Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark (LOV-2002-06-28-57-§15-1). Henta frå https://lovdata.no/dokument/LTII/forskrift/2015-06-18-737
- Ødegård, G. & Winsvol, M. S. (2016). Fra medvirkning til makt. Organisering og gjennomføring av forsøket med stemmerett for 16-åringer i 2015 (Institutt for samfunnsforskning rapport 18/2016). Henta frå https://samfunnsforskning.brage.unit.no/samfunnsforskning-xmlui/bitstream/handle/11250/2442452/Rapport%202016_18.pdf?sequence=6&isAllowed=y
Relatert innhald
Nettside hos aftenposten.no