Oppgåve
Året 2030 – valet er ditt
Tenk deg inn i framtida til året 2030. Korleis trur du Noreg og verda ser ut da? Og korleis vil du at det skal sjå ut? Kva skal til for å skape ei positiv framtid? Kva prioriteringar skal til for at samfunnet skal utvikle seg i riktig retning?
- Gå saman i grupper. Lag ein visjon om framtida. De kan lage han som ei biletforteljing med lyd, som ein video eller liknande.
- Presenter deretter denne visjonen for resten av klassen.
- Gå så saman i gruppene igjen og set opp ei prioritert liste over tiltak som de meiner må gjennomførast for å nå denne visjonen.
- Til slutt diskuterer heile klassen seg fram til ein felles visjon og ei samla prioritert liste over tiltak.
Politikk handlar om å gjere val for framtida. De er sikkert alle samde om at vi ønskjer å skape ei god framtid for alle, men det er mange vegar til målet, og det oppstår usemje om kva som bør prioriterast. Og dermed er diskusjonen i gang.
- Presenter denne tiltakslista for politikarane i kommunen.
- Lag ein reportasje der de går ut i lokalsamfunnet og spør ulike grupper om korleis dei vil at lokalsamfunnet skal sjå ut i 2030. Presenter så denne reportasjen for politikarane i kommunen.
- Skriv eit lesarinnlegg til lokalavisa.