Smør, margarin og oljer
- metta feitt
- umetta feitt som anten er einumetta eller fleirumetta
Metta feitt aukar risikoen for livsstilssjukdommar. Vi må likevel hugse på at helsedirektoratet tilrår at vi får i oss like mykje av kvar av dei tre feittypane.
Umetta feitt er bra for kroppen. Dei essensielle feittsyrene, omega 3 og omega 6, finst i umetta feitt. Kroppen greier ikkje å lage desse sjølv og må få dei tilført gjennom kosten.
- hard margarin
- smør
- kokosfeitt
- smult
- dei fleste planteoljer
- mjuk margarin
«Helsedirektoratet anbefaler mjuk vegetabilsk margarin, flytande margarin eller olje framfor hard margarin eller smør. Det er sunnast å ete så lite som mogleg av dei produkta som inneheld mykje metta feitt. Dei produkta som blir harde når dei står i kjøleskapet, slik som meierismør og nokre typar margarin, inneheld metta feitt, medan matoljer, flytande margarinar og mjuke margarinar inneheld mindre metta feitt og meir einumetta og fleirumetta feitt.»
- i matrettar og bakverk
- til steiking
- på brød
- som dressingar
- for å gi smak
- i sausar
Det er viktig å merke seg at ein ikkje får i seg mindre feitt dersom ein vel vegetabilsk margarin eller olje. Delen metta feitt blir likevel mindre, og du får i deg meir einumetta og fleirumetta feitt. Skal ein redusere energiinnhaldet i kosten, må ein ete mindre feitt, til dømes ved å kutte ut smør på brødskiva.
- Margarin og smør inneheld om lag 80 prosent feitt.
- Olje inneheld 100 prosent feitt.
- Margarin blir tilsett vitamin A og D.
- Smør inneheld vitamin A og blir tilsett vitamin D.
- Olje inneheld vitamin E. Vita hjertegod er tilsett vitamin D.
- Et mindre feit mat.
- Vel helst umetta feitt.
- Umetta og metta feitt inneheld like mykje energi.
- Olje inneheld meir feitt enn margarin.
Utfordringar til deg
- Lag ei liste med forslag til korleis en kan redusere feittinnhaldet i kosten.
- Forklar skilnaden på metta og umetta feitt.
- Kva vil det seie at ei feittsyre er essensiell?
- Kva for helsemessige gevinstar kan du få av å redusere feittinnhaldet i kosten?