Fagartikkel
Nøtter og mandlar
Det finst ei rekkje ulike typar nøtter, og mandlar finst i to typar: søte og bitre. Dei siste åra har forbruket av mandlar og nøtter auka.
Frå denne matvaregruppa får du
- energi
- umetta feitt
- kostfiber
- vitamin E, jern, sink, kalsium og magnesium
Nøtter og mandlar gir oss fleire gode næringsstoff. Ulike typar nøtter kan ha noko ulikt innhald av næringsstoff.
Et du mykje nøtter og mandlar, bør du vere merksam på at dei har høgt energiinnhald.
Mange er allergiske for nøtter. Du må derfor ha gode kunnskapar om nøtteallergi.
Utfordringar til deg
- Les om nøtter og mandlar på Helsedirektoratet sine nettsider. Ta notat frå det du les.
- Lag ein plakat som viser næringsinnhaldet i ulike typar nøtter. Du kan bruke nettsida til frukt.no når du skal arbeide med dette.
- Kva trur du kan vere årsaka til at vi et meir mandlar og nøtter no enn for 15 år sidan?
- Finn ut kvifor vi helst bør ete nøtter som ikkje er salta eller sukra.
- Mandlar og nøtter inneheld ein god del feitt. Kva er grunnen til at dei likevel kan gå inn som ein del av kosthaldet?
- Finn ulike matoppskrifter med mandlar og nøtter. Prøv ut oppskriftene heime eller på skulen. Skriv ein logg frå arbeidet.