Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjøtt og kjøttprodukt

Kjøtt er ein del av det daglege kosthaldet til dei fleste nordmenn.

Næringsinnhald og bruksområde

Maten i denne matvaregruppa inneheld

  • protein
  • feitt
  • energi
  • minerala sink, selen og jern
  • vitamin, spesielt A og B

Rent kjøtt inneheld mykje protein, men det kan òg innehalde ein del metta feitt. Kvitt kjøtt inneheld vanlegvis minst feitt, og ein større del av feittet er umetta. Farseprodukt, som pølser og kjøttdeig, inneheld ein god del metta feitt, så vi bør velje dei magraste kjøttprodukta eller reint, magert kjøtt. Når vi vel kjøttmat, bør vi generelt ete dei lysare kjøttvarene og gjerne dei som har feittlaget samla og godt synleg, slik at vi kan skjere det bort.

Det kjøttet som blir selt, skal vere slakta på godkjende slakteri og kontrollert. Kjøtt og kjøttprodukt er ferskvarer og må oppbevarast kjølig. Kjøtt kan brukast som både middagsmat og pålegg og kan lagast til på ei rekke ulike måtar.

Tilrådingar frå Helsedirektoratet

Helsedirektoratet tilrår at vi vel kvitt kjøtt framfor raudt kjøtt. Kvitt kjøtt er kjøtt frå fjørfe som kylling, and og høns. Samtidig blir det tilrådd at vi har eit minimalt inntak av tilarbeidde produkt av kvitt kjøtt, som nuggets og kyllingpølser.

Raudt kjøtt kan inngå som ein del av kosthaldet. Raudt kjøtt er kjøtt frå storfe, svin, sau og geit. Det blir tilrådd at vi avgrensar inntaket av raudt kjøtt til maksimalt 350 gram per veke. Det vil seie inntil to middagar i veka og noko pålegg. Vidare blir det tilrådd at vi har eit minimalt inntak av tilarbeidde produkt av raudt kjøtt. Dette er kjøttprodukt som er røkte, salta eller konserverte, som salami og annan spekemat, bacon og pølser. Karbonade- og kjøttdeig utan tilsett salt og vatn blir ikkje rekna som tilarbeidd kjøtt.

Kosthald som inneheld mindre mengder raudt kjøtt og tilarbeidd kjøtt, er kopla til gunstige helseeffektar, inkludert lågare risiko for hjarte- og karsjukdommar, og lågare dødelegheit.

Utfordringar til deg

  1. Gjer deg kjend med kostråda til Helsedirektoratet om kjøtt og kjøttprodukt. Ta notat.
  2. Kva er fordelane med å ete kvitt kjøtt framfor raudt kjøtt?
  3. Set opp ein vekemeny med sunne middagar.
  4. Lag ei oversikt over sunne påleggsvariantar av kjøtt.
  5. Lag ei oversikt over kva kjøttypar vi ikkje bør ete så ofte.
  6. Finn ut kva kolesterol er.

Kjelde

Helsedirektoratet (2024, 15. august). Kostråd og næringsstoffer – Kostrådene. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/kostradene-og-naeringsstoffer/kostrad-for-befolkningen

Relatert innhald