Hopp til innhald

Fagstoff

Mjølk og meieriprodukt

Mjølk og mjølkeprodukt er ein viktig del av kosthaldet for dei fleste nordmenn. Mange av dei gamle norske matrettene har mjølk som ein viktig ingrediens.
Matvaregruppe: mjølk og mjølkeprodukt.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst ei heil rekkje meieriprodukt å velje mellom, og til kvardags bør du velje dei magre variantane. Magre produkt inneheld like mange næringsstoff som dei originale variantane, det er berre feittinnhaldet som er redusert.

Til mjølk og mjølkeprodukt reknar vi

  • alle typar mjølk
  • smør
  • ost
  • rømme og fløyte
  • kesam og cottage cheese
  • yoghurt

Mjølk og mjølkeprodukt inneheld

  • feitt
    • 3,9 % i heilmjølk, 1–1,5 % i lettmjølk og 0,1 % i skumma mjølk
    • feittet du får frå mjølk via mjølkeprodukt, er metta
  • protein
  • vitamin (vitamin B og vitamin D som er tilsett i nokre typar mjølk)
  • mineral (kalsium)
Mjølk blir helt i eit glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mjølk og mjølkeprodukt

  • kan vere produserte i Noreg eller vere importerte
  • kan vere økologiske eller ikkje
  • kan ha ulikt feittinnhald
  • kan vere laktosereduserte
  • kan ha ulike smakstilsetjingar
  • an drikkast eller etast som dei er, eller dei kan brukast i ulike retter

Utfordringar til deg

  1. Kvifor bør mjølk og mjølkeprodukt vere ein del av den daglege kosten vår?
  2. Bruk Matvaretabellen og slå opp næringsinnhaldet i ulike mjølkesortar og mjølkeprodukt. Kva finn du ut?
  3. Mange meiner at brunost er eit spesielt bra pålegg, og at det inneheld mykje jern. Bruk Matvaretabellen til å finne ut om dette stemmer.
  4. Finn ut om all yoghurt inneheld like mykje karbohydrat. Kva fortel dette deg?
  5. Finn oppskrifter på retter med mjølk og mjølkeprodukt som du prøver ut på kjøkkenet heime eller på skulen.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Agnes Brønstad.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2020

Læringsressursar

Matvaregruppene