Hopp til innhald

Fagstoff

Sukker og søte produkt

Sukker inneheld ingen nødvendige næringsstoff og gir berre energi, derfor blir sukker også kalla tomme kaloriar. Forbruket av sukker har auka dei siste tjue åra, og nordmenn får i seg langt meir sukker enn det som blir anbefalt.

Ulike sortar sukker:

  • fruktsukker (fruktose)
  • druesukker (glukose)
  • mjølkesukker (laktose)
  • vanleg raffinert sukker (sukrose eller sakkarose)

Liten plass til annan mat

Når vi har eit høgt sukkerinnhald i kosthaldet, får vi mykje energi, men ikkje kostfiber, vitamin og mineral. Eit kosthald med mykje sukker gjer at det ikkje blir plass til annan mat. Ifølge tilrådingane frå Verdshelseorganisasjonen (WHO) bør vi ikkje ete meir enn om lag 60 gram sukker per dag.

Kvifor bør vi redusere sukkerforbruket?

Helsestyresmaktene anbefaler at maksimalt ti prosent av energiinntaket vårt skal komme frå sukker. Eit høgt sukkerforbruk er helseskadeleg og derfor noko vi bør unngå. Dei vanlegaste konsekvensane av høgt sukkerforbruk er

  • diabetes
  • overvekt
  • hjarte- og karsjukdommar
  • dårleg tannhelse

Nokre nyttige eigenskapar ved sukkeret

  • Det gir ein søt smak.
  • Det kan brukast som konserveringsmiddel på frukt og bær.
  • Det kan brukast som stivelsesmiddel, for eksempel i gelé.

Honning

  • inneheld nesten 80 prosent sukker
  • er like skadeleg som sukker for tennene

Utfordringar til deg

  1. Kva som er skilnaden på brunt og kvitt sukker.

  2. Korleis blir matvarer som inneheld sukker, merkte, for eksempel smågodt?

  3. Prøv om du kan registrere kor mykje sukker du får i deg gjennom ein heil dag.

    1. Får du i deg meir eller mindre sukker enn det som blir anbefalt?

    2. Kvifor er det vanskeleg å registrere sukkerforbruk?

  4. Lag ei liste med forslag til korleis vi kan få ned sukkerforbruket i Noreg.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Agnes Brønstad, Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2024

Læringsressursar

Matvaregruppene