Hopp til innhald

Fagstoff

Poteter, pasta og ris

Poteter, pasta og ris er ein del av det daglege kosthaldet for dei fleste nordmenn. Desse matvarene inneheld mykje karbohydrat og lite feitt. Dei gir oss mineral, og i poteter er det i tillegg ein del C-vitamin.
Ukokt ris i ein bolle, forskjellige typar pasta og ein kjele med ukokte poteter på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan lage mykje godt av poteter, men hugs at poteta ikkje er ei av "fem om dagen"!

Kok potetene med skalet på og bruk fullkornspasta og upolert ris. I tallerkenmodellen utgjer desse matvarene ein tredel.

Poteter

  • kan vere produserte i Noreg eller vere importerte
  • kan vere økologiske eller ikkje
  • kan ha ulikt næringsinnhald avhengig av årstid, lagring og tillaging
  • har ei særstilling i det norske kosthaldet
  • kan etast som eigen rett, men blir som oftast brukt attåt kjøt eller fisk

Pasta

  • er ofte laga av kveitemjøl eller durumkveite
  • blir også laga av fullkornsmjøl
  • er ein vanleg del av det norske kosthaldet
  • er ein typisk del av kosthaldet i middelhavslanda
Pasta bolognese lagd opp på ein kvit tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ris

Ris finst i mange variantar, som

  • polert ris
  • naturris
  • villris
  • ulike typar uraffinert ris


Utfordringar til deg

  1. Kvifor bør poteter, pasta og ris vere ein del av den daglege kosten vår?
  2. Bruk Matvaretabellen for å finne ut korleis næringsinnhaldet i poteter varierer etter korleis dei blir laga til. Kva kan du lære av dette?
  3. Finn oppskrift på ein potetrett som du prøver ut på kjøkkenet heime eller på skulen.
  4. Kva typar ris og pasta bør du velje? Grunngi valet.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Agnes Brønstad.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020

Læringsressursar

Matvaregruppene