Hopp til innhald

Fagstoff

Sosial kompetanse

Sosial kompetanse gjer oss i stand til å ta kontakt og samhandle med andre i ulike situasjonar. Vi blir merksame på kor grunnleggjande og viktig denne kompetansen er, dersom vi opplever at nokon manglar slik kompetanse.
Gut på cirka tre år dyttar huska til ei jente på ein leikeplass ved skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er sosial kompetanse?

Sosial kompetanse er kunnskap, ferdigheiter og haldningar som trengst når vi skal bli kjende med, samtale med eller samhandle med andre. Det handlar om dei ferdigheitene vi bruker i kontakt med andre, også kalla relasjonsferdigheiter.

God sosialkompetanse eller gode relasjonsferdigheiter kan bidra til trivsel og positive relasjonar med andre og gjer det mogleg å etablere, halde ved like og vidareutvikle venskap og relasjonar til andre. God sosial kompetanse bidreg òg til utvikling i breiare forstand, med tanke på at vi klarer å tilpasse oss situasjonar slik at læring og utvikling på andre område blir mogleg.

Sosial kompetanse handlar om å tolke og forstå sosiale signal og situasjonar, og å forstå og tileigne seg dei ferdigheitene som trengst for å forhalde seg til og handle formålstenleg i ulike sosiale samanhengar. Det handlar om å ha kunnskap og ferdigheiter i å løyse problem, ta avgjerder, velje seg mål og anstrengje seg for å nå måla. I tillegg vil òg kjenslene våre, verdiar, haldningar og motivasjonen vår for å ta i bruk sosiale ferdigheiter i møte med andre, vere med på å påverke den sosiale åtferda vår.

Terje Ogden (2015) definerer sosial kompetanse slik:

Sosial kompetanse handler om å integrere tanker, følelser og atferd for å utvikle kunnskaper, ferdigheter og holdninger som gjør det mulig å etablere og vedlikeholde sosiale relasjoner. Den fører til en realistisk oppfatning av egen kompetanse, sosialmestring på kort og lang sikt, sosial aksept og personlig vennskap.

For å etablere kontakt, relasjonar og utvikle vennskap må vi kunne regulere merksemda, tenkinga, kjenslene og åtferda for å lykkast. Vi må tenkje, forstå, vurdere og handle og vite kva ferdigheiter ulike situasjonar krev. Dette krev at vi klarer å vurdere kva ferdigheiter som er dei beste å bruke i den situasjonen vi er i.

Når vi opplever at vi klarer det, og kjenner oss aksepterte og respekterte, vil det ha betyding for sjølvoppfatninga vår. Både sjølvkjensla og sjølvtilliten blir styrkte. Vi opplever sosial meistring som gir oss styrke og tru på oss sjølve og kva vi kan få til, også i framtidige samhandlingar.

Sosiale ferdigheiter

Sosiale ferdigheiter er grunnleggjande for utviklinga av sosialkompetanse. For å vere saman med andre treng barn og unge å lære korleis dei skal etablere relasjonar eller samhandle med andre. Sosiale ferdigheiter blir uttrykte verbalt og gjennom kroppsspråket. Barn og unge kan lærer sosiale ferdigheiter gjennom å observere andre eller ved at dei deltek i samhandling, øver seg og får tilbakemeldingar på eigne handlingar.

Sosiale ferdigheiter handlar om å ha gode språklege ferdigheiter og vere medviten betydinga av kroppsspråket. Å bruke kroppsspråket vil seie å etablere augekontakt og tilpasse andletsuttrykk og armbevegelser til andre og til situasjonen. Det handlar òg om å regulere avstand og nærleik til han du snakkar med, og å bruke pausar eller vente på tur i samtalen.

Fem sentrale område vi treng å utvikle innanfor sosiale ferdigheiter er: empati, samarbeidsferdigheiter, sjølvkontroll, sjølvhevding og ansvarskjensle.

To glade gutar med skulesekk på ryggen spring hand i hand nedover korridoren på ein skule. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Empati

Empati handlar om å vise omtanke og ha respekt for kjenslene og synspunkta til andre. Det handlar om å sjå ting frå andre sin synsvinkel og leve seg inn i andre sin situasjon. Å ha evna til å forstå kva andre kjenner, er viktig i mellommenneskelege samhandlingar.

Empati handlar om å kunne lytte til andre når dei fortel om sine opplevingar og problem, eller når dei gir uttrykk for kjensler. Både når dei er lei seg og har det vondt, og når dei er glade og har det godt. Det handlar om å gi positive tilbakemeldingar om at vi set pris på andre og er merksame.

Samarbeid

Samarbeidsferdigheiter handlar om å kunne dele med andre, hjelpe andre, ta imot beskjedar og følgje reglar. I barnehage, skule og SFO vil det vere mange forstyrringar. Det å kunne ignorere desse i leik og aktivitetar er ei viktig ferdigheit. I tillegg vil det skje ein del forflytninger og overgangar, og det å kunne meistre dette og bruke ventetida fornuftig er viktige samarbeidsferdigheiter. Å dele med andre er viktig i leik, i aktivitetar og i gruppearbeid. Å kunne følgje reglar og beskjedar inneber å følgje normene og reglane som gjeld for den situasjonen du er i.

Sjølvhevding

Sjølvhevding handlar om å kunne ta ansvar for å formidle eigne meiningar og behov. Det inneber òg å hevde eigne rettar når desse blir utfordra eller trua av andre, men ikkje på ein måte som krenkjer andre. Det handlar om å ha evna til å ta initiativ og få kontakt med andre, presentere seg og seie noko positivt om seg sjølv og andre, og dessutan å reagere på handlingane til andre. I tillegg handlar det om å kunne stå imot negativt press frå vener, og å kunne seie frå viss reglar verkar urettferdige, eller viss dei meiner at dei vaksne eller andre er urimelege.

Sjølvkontroll

Sjølvkontroll vil seie at vi klarer å styre korleis kjenslene våre skal uttrykkjast. Vi har behov for sjølvkontroll i situasjonar der vi kjenner frustrasjon og motgang, i usemjer eller konfliktar. Å utvikle denne ferdigheita føreset at barn er klar over kjenslene sine og klarar å kontrollere kjenslene i ulike situasjonar der dei blir utsette for freistingar, frustrasjonar og nederlag. Det handlar òg om å kunne utsetje behov, som til dømes å regulere forholdet mellom kjensler og åtferd når dei må vente på tur eller på hjelp.

Ansvarskjensle

Ansvarskjensle handlar om å overhalde reglane og normene i dei situasjonane vi er i. Det handlar om å halde avtalar og vere til å stole på, utføre oppgåver, kommunisere med vaksne og vise respekt for andre sine eigedelar. For barn og unge er det å kunne be om hjelp, seie frå om hendingar, følgje med når nokon snakkar og avvise ufornuftige forslag, døme på ferdigheiter som viser ansvarskjensle. Det handlar om å spørje om lov til å bruke leikane og eigedelane til andre, eller spørje om lov til å forlate klasserommet.

Vaksne kan gi barn moglegheit til å utvikle eiga ansvarskjensle ved å la dei sjølve bestemme over og organisere leiken og tida si, og planleggje sine eigne aktivitetar. Vaksne må klare å stole på at barnet kan ha ansvar for eigne ting og halde avtalar, tilpassa utviklinga til barnet. Barn har lita moglegheit til å utvikle ansvarskjensle dersom dei er omgitte av reglar og kontroll.

Sosial kompetanse – ein komplisert prosess

Terje Ogden (2015) påpeikar at sosial kompetanse ikkje er det same som å innordne seg dei normene som gjeld, folkeskikk, takt og tone og høflegheit. Sosial kompetanse gjer oss i stand til å utvikle den prososiale åtferda vår, vere venlege, bry oss om, oppmuntre og hjelpe andre. Sosialt kompetente barn og unge kan òg opplevast som vanskelege og utfordrande når dei til dømes hevdar eigne meiningar og rettar, og når dei motstår gruppepress og overdriven lydnad.

Sosial kompetanse er ein komplisert prosess der vi må balansere mellom det å hevde oss og vareta oss sjølve (sjølvhevding) og det å ta andre sine perspektiv og vise omsorg og omtanke for andre. Dette for å avpasse åtferda vår til den situasjonen vi er i, og inngå i ei positiv samhandling med andre.

Utfordringar til deg

  1. Kva er sosial kompetanse?

  2. Tenk tilbake til eigen barndom. Var det nokre barn som du føretrekte å leike og vere saman med? Kva for nokre sosiale ferdigheiter tenkjer du dette barnet hadde, som du sette pris på?

  3. Korleis kan du utvikle og styrkje dei sosiale ferdigheitene dine?

Kjelder

Ogden, T. (2015). Sosial kompetanse og problematferd blant barn og unge. Gyldendal akademisk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2021

Læringsressursar

Sosial kompetanse og kulturkompetanse