Oppgåve
Forskjellar eller fellesskap?
Kva skjer når vi fokuserer meir på det vi har til felles, enn på det som skil oss?
- Sjå videoen øvst i denne Dagbladet-artikkelen: Dansk video går verden rundt.
- Kva meiner du er hovudbodskapen i denne videoen?
- Les heile Dagbladet-artikkelen. Kva seier kanalsjefen for dansk TV 2, Lotte Lindegaard, at er bakgrunnen for at dei laga denne videoen?
- Diskuter påstanden: Samfunnet (media, skule, politikk) fokuserer altfor mykje på det som skil oss.
- Cecilie Staude seier i Dagbladet-artikkelen at filmen speler på kjenslene våre. Korleis gjer han det?
- Kva slags motsetningspar bruker forteljaren for å beskrive menneske i starten av videoen? Er det vanleg å setje desse gruppene opp mot kvarandre?
- Kva skjer med stemninga når dei blir spurde om kven som var klassens klovn? Diskuter kva som skjer her, og korleis videoen får fram dette skiftet.
- Finn på nye spørsmål som kan skape fellesskap på tvers av grupper i samfunnet. Prøv dei ut i klasserommet.
- Diskuter: Kva kan du lære om kultur og kulturell identitet av denne videoen?