Hopp til innhald

Fagstoff

Sosiale faktorar i kommunikasjonen

Korleis kan sosiale faktorar som kjønn, alder, utdanning og status påverke korleis vi kommuniserer med kvarandre?
Eldre dame og ung mann som smiler til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosiale faktorar

I eit møte mellom to menneske vil det alltid vere likskapar og forskjellar som påverkar korleis vi forstår kvarandre. Nokre av det som skaper variasjon, handlar om kulturelle forskjellar som påverkar korleis vi ser verda, og kva slags kodar vi bruker for å sende og få meldingar.

Men innanfor kulturelle fellesskapar er det òg store individuelle forskjellar. Det vi kallar sosiale faktorar, kan verke saman med, og på tvers av, kulturelle fellesskapar. Kjønn, yrke, utdanningsnivå, makt, status og alder er slike sosiale faktorar. Korleis kan disse faktorane påverke kommunikasjonen?

Kjønn

Deborah Tannen (1990) har forska på forskjellar mellom korleis menn og kvinner uttrykkjer seg i kommunikasjonen. Ho peiker på at menn bruker kommunikasjon for heve seg i kampen om ein plass i den sosiale rangordninga. På grunn av dette vil menn oftare framheve det som gjer at dei skil seg frå andre, og sjå på sjølvstende som eit viktig ideal. Kvinner, derimot, bruker verbal kommunikasjon for å skape relasjonar med andre. Dei vil heller fokusere på likskapar mellom seg sjølve og andre og på å ta avgjerder som alle er fornøgde med.

Desse forskjellane kan kome til syne i kommunikasjonen ved at kvinner fokuserer på å uttrykkje kjensler, empati og støtte, mens menn analyserer, konkurrerer og fokuserer på sak. I kommunikasjon på tvers av kjønn i eit forhold kan dette skape misforståingar og konfliktar (Torppa, 2010).

Eit døme:

Han: I dag treng eg verkeleg å slappe av etter ei hektisk veke på jobb.

Ho: Eg skjønner kva du meiner, er rimeleg ferdig, eg òg.

Han: Må det vere ein konkurranse om kven som er mest sliten?

Her tolkar han støtteerklæringa hennar som eit forsøk på å overgå han i å vere den som arbeider hardast, mens ho ønskjer å vise sympati og skape ein fellesskap ved å seie at ho òg føler det same som han.

Makt, status og kjønn

Andre måtar kjønn kan påverke kommunikasjonen på, handlar om forskjellar i makt og status knytte til sosialt kjønn. Eit døme på dette er fenomenet "mansplaining": Når ein mann snakkar nedlatande til nokon (særleg ei kvinne) om noko han har ufullstendig kunnskap om, ut frå den feilaktige trua på at han veit meir enn den han snakkar til (Farsethås, 2016). Forfattaren Rebecca Solnit meiner årsaka til mansplaining er fordommar knytte til kjønn som gjer at enkelt menn tek det for gitt at kvinner ikkje har like mykje kunnskap som dei.

Jenter og kvinner opplever oftare seksuell trakassering og hets i kommunikasjonen på nett (Jane, 2014 i Fladmo, 2019). I NRK-klippet under fortel unge gamerar at dei skjuler at dei er jenter når dei speler på nett, fordi då slepp dei å bli kalla "slut" eller "bitch".

Tenk over / diskuter

Korleis kan vi unngå at stereotypiske førestillingar om kjønn påverkar kommunikasjonen?

Kva trur du er årsaka til hets og trakassering mot jenter?

Alder

I nokre kulturar er det vanleg at yngre tiltalar dei som er eldre enn dei, med stor respekt. I Noreg er ikkje dette så vanleg lenger, men det handlar kanskje ikkje om mangel på respekt, men meir om eit ideal om likskap og liten maktavstand mellom menneske i samfunnet. Det er likevel store forskjellar i korleis unge og eldre bruker språket.

Ungdom og vaksne

Ungdom kan bruke eit eige ungdomsspråk som markerer identitet og avstand til andre grupper. Identiteten til vaksne heng tettare saman med yrkesrolla dei har, dermed kan dei bruke faguttrykk og talemåtar frå yrket i andre situasjonar enn på jobb.

Barn

Barn har ikkje utvikla verbalspråket sitt ferdig, derfor kan det vere viktig å leggje endå meir vekt på kva dei seier med det ikkje-verbale språket. Leik kan derfor vere ein måte å kommunisere på for barn, noko som mellom anna blir brukt i tilrettelagde politiavhøyr med barn.

Eldre

I mange samfunn er det å vere ung sett på som eit ideal, mens aldring er noko vi prøver å kjempe imot så lenge som mogleg. Mange eldre opplever derfor diskriminering basert på stereotypiske oppfatningar av denne gruppa, noko som til dømes gjer at mange snakkar nedlatande til eldre menneske.

"Eg ønskjer å bli møtt som eit menneske, og ikkje basert på fødselsåret mitt 1925", seier bloggar Ada Bjerkvig i dette NRK-intervjuet om korleis eldre blir behandla.

Tenk over / diskuter

Finst det stereotypiske oppfatningar om ungdom som kan påverke kommunikasjonen mellom dei og folk i andre aldersgrupper?

Ein mann med kort skjegg sit i en trestol med utskjeringar på armlena. Han har svart smoking, kvit skjorte, svart sløyfe i halsen og ein svart flosshatt. Han ser ned mot kamera med halvlukka auge bak runde solbriller. Han har ein tent sigar i munnen og held eit glas med raudvin i den eine handa. Foto.

Status

Vi rangerer kvarandre i større eller mindre grad i dei fellesskapane vi tek del i, ut frå kva vi meiner er verdifullt og viktig. Utdanning, yrke, maktposisjonar og inntekt kan bestemme kva status du har, saman med dei medfødde faktorane som kjønn, familiebakgrunn og alder.

Status gir truverd

Status er ein faktor som kan påverke kommunikasjonen mellom oss. Det påverkar både korleis vi bruker språket, gjennom sosiolektar, og kva slags haldningar vi har til den vi kommuniserer med. Det å ha høg status aukar truverdet til den som kommuniserer, og det motsette skjer ved låg status. Meining blir altså tolka ulikt ut frå statusen til avsendar.

Signal om status i kommunikasjonen

Kroppsspråket vårt kan spegle status. Det å ha eit avslappa, ope kroppsspråk er eit kjenneteikn på høg status, mens ein medlem av gruppa med låg status vil krympe seg, dei føler kanskje umedvite at dei ikkje har rett til å ta opp plass. Ulike talehandlingar kan òg seie noko om status. Å krevje og kommandere er noko du helst gjer med menneske du føler er likeverdige eller har lågare status enn deg sjølv. Det å smile er òg noko som varierer med status. Eit smil kan vere eit signal om at du ikkje er ein trussel mot dei som har høgast status i situasjonen. Dette kan du sjå tydeleg i dei to første minutta av dette klippet frå det britiske BBC-programmet Dragons' den.

Her skal ein deltakar selje inn forretningsidéen sin til eit panel av rike investorar. I denne situasjonen har han både mindre status, makt og kontroll enn dei han skal overtyde. Legg merke til forskjellen i kroppsspråk og ansiktsmimikk.

Forhandling om status

Vi er som regel opnarar og venlegare i kommunikasjonen med folk vi oppfattar som likeverdige. Når vi kommuniserer med folk med høgare status enn oss sjølve, kan vi ofte prøve å vere så innsmigrande som mogleg, sidan kven vi omgåast, òg kan gi oss høgare status. Rike eller berømte menneske vil ofte vere mistenksame overfor menneske dei ikkje kjenner, fordi dei tenkjer at dei berre er venlege for å oppnå noko. Kommunikasjon kan altså vere forhandlingar om status.

Mobbing kan oppstå som resultat av forhandlingar om status i ei gruppe. Tove Flack, førsteamanuensis ved Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger, har vist at ungdom som sterkt ønskte seg sosial status, deltok meir i baksnakking og brukte avvisande kroppsspråk mot andre. Ho meiner at vi kan førebyggje mobbing ved å tone ned status som verdi (Strand, 2019).

Fra 19:55 til 21:09 i klippet frå NRK-serien Singelklubben ser du et eit tydeleg døme på korleis status påverkar kommunikasjonen, både når det gjeld kroppsspråk, blikk og turtaking.

Tenk over / diskuter

Korleis kommuniserer du med nokon du tenkjer har høgare status enn deg?

"Vaksne er ikkje så opptekne av status som ungdommar". Kva tenkjer du om denne påstanden?

Utdanning

Utdanningsnivået til foreldre er ein faktor som heng tett saman med skuleprestasjonar i Noreg. Ein av grunnane til dette kan vere kommunikasjons-stilen vi blir sosialiserte inn i. Barn av foreldre med høgare utdanning meistrar lettare det vi kan kalle eit akademiske språk, som er abstrakt og teoretisk. Dette gir dei ein stor fordel i utdanningssystemet, der kommunikasjonen ofte er avhengig av at du forstår og kan bruke slike ord. Du kan lese meir om dette i denne artikkelen frå Forskning.no om korleis forskarar skal hjelpe studentane med å forstå det akademiske språket.

Tenk over / diskuter

Kva kan skulen gjere for at elevar som ikkje har ein akademisk kommunikasjonsstil med heimanfrå, får same moglegheit til å lykkast?

Kva kan du bruke dette til?

Det er sjeldan ein enkelt av desse faktorane forklarer kvifor nokon kommuniserer som dei gjer. Vi kan ikkje blir definerte berre av desse faktorane, det er til dømes store individuelle forskjellar mellom menneske av same kjønn. Det er òg mange andre måtar kjønn, alder og status kan påverke kommunikasjonen på enn dei vi ser på her. Men denne artikkelen kan gi deg eit utgangspunkt som gjer deg medviten på òg dei sosiale faktorane som kan verke inn når du skal utforske og beskrive konkrete kommunikasjonssituasjonar.

Tenk over / diskuter

Kva for nokre sosiale faktorar tenkjer du påverkar deg mest i kommunikasjonen i kvardagen din?

Kjelder

Farsethås, A. (2016, 18. november). Hun forklarer oss ting. Morgenbladet. https://morgenbladet.no/boker/2016/11/hun-forklarer-oss-ting

Hecht, M. A. & LaFrance, M. (1998). License or Obligation to Smile: The Effect of Power and Sex on Amount and Type of Smiling. Personality and Social Psychology Bulletin. 24(12), 1332–1342. https://doi.org/10.1177/01461672982412007

Hummert, M., Atkinson, J., Garstka, T. & Henry, C. (1998). Communication With Older Adults The Influence of Age Stereotypes, Context, and Communicator Age. Human Communication Research. 25(1), 124–151. https://doi.org/10.1111/j.1468-2958.1998.tb00439.x

Nadim, M. & Fladmoe, A. (2019, 30. juli). Silencing Women? Gender and Online Harassment. Social Science Computer Review. https://doi.org/10.1177/0894439319865518

Seniorpolitikk. (2007, 20. juni). Hvor utbredt er aldersdiskriminering? Senter for seniorpolitikk. https://seniorpolitikk.no/nyheter/hvor-utbredt-er-aldersdiskriminering/

Strand, M. G. (2019, 18. juli). Kampen om status i klassen leder til utestenging. Forskning.no https://forskning.no/barn-og-ungdom-mobbing-partner/kampen-om-status-i-klassen-leder-til-utestenging/1357802

Sørensen, L. (2011, 1. mai). Lik sosial status trigger hjernen. NRK. https://www.nrk.no/viten/lik-sosial-status-trigger-hjernen-1.7612325

Tanner, D. (1990). You just don't understand: Women and men in conversation. Ballantine Books.

Torppa, C. B. (2010, 25. februar). Gender Issues: Communication Differences in Interpersonal Relationships. Ohioline. https://ohioline.osu.edu/factsheet/FLM-FS-4-02-R10

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2023

Læringsressursar

Sosial kompetanse og kulturkompetanse