Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike roller i gruppa

I den første tida i ei nydanna gruppe dreier alt seg om å skape orden og tryggleik. Enno veit ingen korleis dei andre er. Kven pratar mest? Kven er sjenert? Kven er mest sjef? Kven er mest fantasifull? Kven har vorte utstøytt frå ei gruppe før?
Gruppe med ungdommar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samtidig som vi er nysgjerrige på kvarandre, set vi dei personlege behova våre i sentrum. Kven liknar på oss sjølve? Kven kan vi danne allianse med? I ei barnegruppe kan det hende at usikre barn søkjer etter eldre eller meir sjølvsikre barn som dei kan finne tryggleik hos.

Etter nokre veker har alle klart å bedømme kvarandre. Inntrykka vi har no, dannar grunnlaget for det relasjonsmønsteret – og rollemønsteret – som dannar seg i gruppa etter kvart.

Nokre barn blir naturlege leiarar i gruppa, mens andre barn synest det er greitt å halde seg litt i bakgrunnen. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du observere rollene til dei ulike barna i gruppa dei er ein del av. Du skal sjå korleis barnet trivst, om det har det bra i den rolla det har, og sørgje for at alle barna har ei positiv oppleving av å vere i gruppa.

Samspelet i gruppa

Samspelet i gruppa er komplisert og ikkje alltid føreseieleg. Kva som gir status, kan variere frå gruppe til gruppe. Nokre personar er meir populære enn andre. Det kan kome av at dei har kunnskap, er morosame, tøffe eller kanskje frekke. Ein person som er flink til å snakke, kan også få ein leiande posisjon.

Ein viktig faktor som bestemmer plassen vår i gruppa, er dei erfaringane vi har med oss frå før – frå familien, barnehagen, skulefritidsordninga, skulen eller kameratgruppa. Opplevingane der set spor i personlegdomen, ikkje minst når det gjeld sjølvkjensla.

Vi har alle med oss ein sosial ballast inn i nye gruppeforhold. Dessutan har vi med oss vår eigen personlegdom – våre eigne behov, mål og eigenskapar som er med på å forme gruppene vi deltek i.

Gruppedynamikk

Inne i kvart menneske finst det eit spenningsfelt mellom tankar og kjensler. Det blir overført til barnegruppa, og på den måten blir det danna eit spenningsfelt i gruppa også. Denne vekselverknaden kallar vi gruppedynamikk.

Den posisjonen som kvar enkelt klarer å oppnå i gruppa, har mykje med dynamikken inne i oss sjølve å gjere. Anten vi er engstelege, aggressive, sikre eller vennlege, viser vi det overfor omverda gjennom ansiktsuttrykk og kroppsspråk. Desse signala blir raskt oppfatta av barna omkring.

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du karakterisere ein leiartype?
  2. Kva for ulike roller kan finnast i ei gruppe? Beskriv dei.
  3. Kva for faktorar kan vere med på å bestemme kva for rolle vi får i ei gruppe?
  4. Korleis kan vi forklare kva gruppedynamikk er?
  5. Sjå filmen Alle har roller (nrk.no). Kor mange roller har du?
CC BY-SASkrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2018

Læringsressursar

Sosial kompetanse og kulturkompetanse