Hopp til innhald
Oppgåve

Pride – mangfald og identitet

Nokre homofile aktivistar bestemmer seg for å hjelpe ei gruppe streikande gruvearbeidarar. Gjer oppgåver til filmen Pride, om mangfald, identitet og sosial og kulturell kompetanse.

Mangfald og toleranse

  1. Kva forbind du med tittelen av filmen, Pride?

  2. I filmen møtest to ulike kulturar: dei homofile aktivistane og dei streikande gruvearbeidarane. Beskriv likskapar og forskjellar mellom aktivistane og gruvearbeidarane.

  3. Kva betyr omgrepet solidaritet? På kva måte kjem solidaritet til uttrykk i filmen?

Identitet og aktivisme

  1. Både gruvearbeidarane og dei homofile aktivistane har kampsaker som dei kjempar for. Kva saker er dette?

  2. Kva er aktivisme? Kjenne du til døme der aktivisme har ført til endringar i samfunnet?

  3. Kva er endringsvilje? Finn du døme på endringsvilje i filmen?

  4. Handlinga i filmen er lagt til 1984. På denne tida var det ikkje sosialt akseptert å vere open om den homofile legninga si. På kva måte kjem dette fram i filmen?

  5. Kva betyding trur du kampen for homofile sine rettar har hatt å seie for sjølvkjensla og identiteten til homofile?

Sosial kompetanse og kulturkompetanse

  1. Kva er sosial kompetanse og kulturkompetanse?

  2. På kva måte er det ein samanheng mellom sosial kompetanse og kulturkompetanse, og toleranse for menneske som er annleis enn oss sjølve?

  3. Korleis kan ein bidra til å utvikle sosial kompetanse og kulturkompetanse hos barn og unge, og kvifor er dette så viktig?

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Pride

Britisk drama basert på ei sann historie. Homofile aktivistar samla inn pengar til gruvearbeidarar under den britiske gruvearbeidarstreiken i 1984.