Hopp til innhald
Fagartikkel

Utvikling av sosial og kulturell kompetanse

For å utvikle den sosiale og kulturelle kompetansen din er det naudsynt å samhandle med andre menneske. Du må òg skaffe deg kunnskap om din eigen og andres kultur og bruke den sosiale kompetansen din til å skape gode relasjonar i ulike samanhengar.

For å kunne arbeide med menneske er det naudsynt med sosial og kulturell kompetanse.

Sosial kompetanse

Sosial kompetanse kan definerast som "[e]t sett av ferdigheter, kunnskap og holdninger som trengs for å mestre ulike sosiale miljøer, som gjør det mulig å etablere og vedlikeholde relasjoner, og som bidrar til å øke trivsel og fremme utvikling" (Forebygging.no). Sosial kompetanse blir utvikla i samspel med andre når du lærer korleis du skal opptre i ulike situasjonar. Dersom du opptrer på ein måte som ikkje er sosialt akseptabelt, vil reaksjonar frå omgivnadene ofte føre til at du endrar åtferda di. På den måten lærer vi at det som er normalt i eit miljø, kanskje ikkje passar i andre samanhengar. Veremåten din, språkbruk og påkledning vil derfor ofte vere ganske annleis saman med vener enn når du er i praksis eller i familieselskap.

Kulturell kompetanse

På same måte som den sosiale kompetansen vår blir utvikla når vi lærer korleis vi skal opptre i ulike situasjonar, blir den kulturelle kompetansen utvikla når vi lærer kva som er akseptabelt i ulike kulturar. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn, og som fagarbeidar vil du treffe menneske med ulik kulturell bakgrunn både som kollegaer og tenestemottakarar. Då kan du oppleve at det som er normalt i kulturen din, kan bli oppfatta som uhøfleg eller uakseptabelt av andre.

For å utvikle den kulturelle kompetansen din er det viktig med innsikt og forståing for ulike kulturar, både din eigen og andres. Du må vere klar over dine eigne haldningar og verdiar og sjå moglegheitene som ligg i forskjellar.

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du beskrive den kulturelle bakgrunnen din?
  2. Diskuter i grupper:
    1. Kva kan vere normal framferd saman med vener, men vere heilt uakseptabelt i ein annan samanheng?
    2. Kva kan vere positivt i ein kultur, men bli oppfatta negativt i ein annan?
    3. Kvifor er det naudsynt med sosial og kulturell kompetanse for å jobbe i helse- og oppveksttenestene?

Kjelde

Sosial kompetanse. Hos Forebygging.no. (u.å.). Henta 7. mai 2020 frå http://www.forebygging.no/Ordbok/Q-A/Sosial-kompetanse/