Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tryggingsutfordringane til vektarar knytt til rus

I denne oppgåva skal vi sjå på korleis ruspåverknad blant kundar og gjester kan påverke sikkerheita i arbeidet for vektarar.
Dørvakt overvaker klubb/konsertlokale. Foto.

I ein arbeidssituasjon kan ruspåverka personar utgjere ein risiko for menneska rundt seg. Med ruspåverknad inkluderer vi både alkohol og sterkare stoff.

Oppgåve

Diskuter i grupper kva risiko ruspåverknad kan utgjere for eller av vektarar på følgjande arbeidsplassar og situasjonar:

  • vektar i ein resepsjon

  • vektar på kjøpesenter

  • mobilvakt som rykkjer ut i bil eller på sykkel

  • bumiljø / låseansvarleg vektar

  • ordensvakt på arrangement eller på nattklubb


CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2021

Læringsressursar

Ruspåverknad