Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva for rusmiddel er mest nytta i Noreg?

I denne oppgåva skal de søkje på Folkehelseinstituttet sine nettsider for å finne statistikk over bruk av ulike rusmiddel i Noreg.
Foto av ungdommar på musikkfestival.

Oppgåvene kan leverast som ein skriftleg rapport eller vere utgangspunktet for ein diskusjon i klassa.

Alkohol

Alkohol er det mest brukte rusmiddelet i Noreg. Sjølv om alkohol er eit lovleg rusmiddel, kan det gi ei rekkje utfordringar for oss i vektarbransjen.

Søk på sidene til Folkehelseinstituttet (FHI) etter "Alkohol i Norge", eller bruk lenkja under "Aktuelle kjelder" nedanfor for å svare på oppgåvene. Sjå på alkoholbruk i den vaksne befolkninga.

  1. Kor ofte drikk vaksne alkohol, og kor mykje blir det drukke i snitt kvar gong?

  2. Tre av fire drikk berre i helgene. Kva sikkerheitsutfordringar kan helgefyll gi for vektarar?

  3. Kva forskjellar er det på menn og kvinner sine alkoholvanar?

  4. Sjå på FHI sine sider om "Negative konsekvenser av alkoholbruk for andre enn brukerne". Kva meiner FHI er dei vanlegaste negative konsekvensane for samfunnet?

Andre rusmiddel

Bruk Folkehelseinstituttet sine nettsider og søk på "Narkotikabruk i Norge" for å svare på spørsmåla.

  1. Kva for nokre narkotiske stoff er mest utbreidde i Noreg?

  2. Kva forskjellar er det på menn og kvinner sin rusmisbruk?

  3. Søk på sidene til FHI etter "Skader og problemer knyttet til narkotikabruk". Kva helseskadar risikerer brukaren av narkotika, og kva for nokre andre samfunnsmessige problem er knytte til bruken av narkotiske stoff?

  4. Korleis kan tilsette sin eigen rusmisbruk bli eit sikkerheitsproblem på jobb?

  5. Korleis kan rusmisbruken til kundane vere eit sikkerheitsproblem i servicebransjen?

Aktuelle kjelder

https://www.fhi.no/nettpub/alkoholinorge/

https://www.fhi.no/nettpub/alkoholinorge/konsekvenser-av-alkoholbruk/negative-konsekvenser-av-alkoholbruk-for-andre-enn-brukerne/?term=&h=1

https://www.fhi.no/nettpub/narkotikainorge/bruk-av-narkotika/narkotikabruk-i-norge/

https://www.fhi.no/nettpub/narkotikainorge/konsekvenser-av-narkotikabruk/skader-og-problemer-knyttet-til-narkotikabruk/?term=&h=1

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2022

Læringsressursar

Ruspåverknad