Hopp til innhald

Fagstoff

Symptom på ruspåverknad

Korleis kan du vite om nokon er påverka av rus? Inntak av rusmiddel gir ulike symptom. Her skal vi sjå på kva symptom dei vanlegaste rusmidla kan gi. Men hugs at desse symptoma òg kan kome av andre tilstandar – til dømes sjukdom.
Køyring i ruspåverka tilstand. Foto.

Ruspåverka personar endrar ofte åtferd og kan utgjere ein sikkerheitsrisiko. Det er derfor viktig å kjenne til dei vanlegaste symptoma på ruspåverknad, slik at vi kan ta forholdsreglar. Samtidig er det viktig å vere klar over at det, utan blodprøver, er vanskeleg å seie sikkert om ein person er påverka av rus.

Alkohol

Symptom på høgt inntak av alkohol kan vere ustø gonge, raude auge, uklar tale og alkoholånde. Det kan òg føre til kvalme og oppkast og i nokre tilfelle blackout.

Alkoholrus påverkar ulike menneske ulikt. Nokre kan bli aggressive, valdelege og miste kontrollen.

Cannabis

Bruk av cannabis kan gi symptom som forstørra pupillar, «glasaktige» auge og usamanhengande tale. Personen kan verke nervøs og forvirra, og få ei endring i stemmeleiet. Bruk av cannabis kan, som alkohol, også føre til kvalme og oppkast. Søtleg lukt av kleda kan òg vere eit teikn på cannabisbruk.

Cannabisrus kan gjere personar fnisete og lattermilde, men også føre til kraftig endra åtferd med vrangførestillingar.

Kokain

Bruk av kokain kan gi symptom som forstørra pupillar, raude auge, høg puls, sveitting og skjelving. Kvitt pulver rundt nasen kan òg vere eit teikn på nyleg bruk av kokain.

Kokainrus kan føre til aggresjon, angst, paranoia og hallusinasjonar. I tillegg kan det gi ei kjensle av å vere vaken og at ein har høg sjølvtillit og mykje energi.

Amfetamin

Bruk av amfetamin kan gi symptom som forstørra pupillar, raude auge og naseblod. Andre symptom kan vere høg puls, sveitting og skjelving. I tillegg er det vanleg at brukarane har uvanleg kjeveaktivitet – det ser ut som om dei tygg utan at dei et.

Amfetaminrus kan gi ei kjensle av auka sjølvtillit og energinivå, og ein får ein tendens til å overvurdere eigne ferdigheiter. Rusen kan òg føre til uro, paranoia og panikkangst. Enkelte kan òg bli aggressive og valdelege.

Ecstasy/MDMA

Bruk av ecstasy/MDMA kan gi symptom som forstørra pupillar, sveitting, høg puls og usamanhengande tale.

Rusen kan føre til sterke humørsvingingar, forvirring, nervøsitet og vrangførestillingar. I tillegg kan han gi ei kjensle av av mykje energi, latter og auka empati og glede.

Heroin

Bruk av heroin kan gi symptom som små pupillar, sløving, treg tale, trege rørsler og knekk i knea. Sår i huda etter sprøytestikk kan òg vere eit teikn på mogleg heroinbruk.

Rusen kan gi ei kjensle av velvære, men ein kan òg bli likegyldig og trøytt.

Tenk over

Kvifor er det viktig å vite om personar er påverka av rusmiddel?

Her kan du sjå NRK sitt ekstramateriale til serien Rus, som tek for seg fakta om sju ulike rusmiddel.

Kjelder

https://www.fhi.no/nettpub/narkotikainorge/bruk-av-narkotika/narkotikabruk-i-norge/

https://rusinfo.no/fakta-om-rusmidler

https://rusopplysningen.no/rusmidler

https://oslo-universitetssykehus.no/nyhet/-velkommen-til-fakta-om-rus

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2021

Læringsressursar

Ruspåverknad