Hopp til innhald

Fagstoff

Rus og sjukdommar i nervesystemet

Nervesystemet er, til liks med andre organsystem, utsett for sjukdommar og skader. Vi ser nærare på korleis rusmiddel og avhengnad påverkar nervesystemet.
Flasker med medisin som blir tømde på en synapse. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rusmiddel verkar på nervesystemet

Inntak av rusmiddel kan gi ei umiddelbar kjensle av velvære, samtidig som konsentrasjon, minne og andre hjernefunksjonar blir svekte.

Rusbruk fører til auka impulsivitet, og evna til å gjere kritiske vurderingar minkar.

Gjenteken rusmiddelbruk kan føre til avhengnad og kan gi varige skadar.

finst både i produkt som blir selde lovleg, til dømes alkohol og løysemiddel, i reseptbelagte legemiddel, som morfin og benzodiazepiner, og i ulovlege narkotiske stoff.

Endring i hjernen over tid – avhengnad

Synapse med reseptorar, og stoff i fleire fargar. Illustrasjon.

Gjenteken bruk av rusgivende stoff kan føre til langvarige endringar i den frontale delen av hjernen. Ein person som har misbrukt rusmiddel over lang tid, kan dermed bli meir impulsiv og mindre kritisk til eigne handlingar, også i rusfri tilstand.

Det er òg vanleg at rusverknadene minkar etter gjenteken bruk. Dette blir kalla toleranse, og kjem mellom anna av at hjernecellene tilpassar seg rusverknaden, og at "kvileaktiviteten" i hjernecellene blir lågare. Det kan føre til at kvardagslege positive hendingar ikkje gir like mykje glede og positive kjensler som før.

Risikoen for avhengnad oppstår når rusmiddelbrukaren kjenner behov for å komme ut av det låge stemningsleiet og løyser problemet med rusmiddel.

Sjå filmen "Rusmidler – hjernen er et flipperspill" (YouTube).

Tekst frå filmen "Rusmidler – hjernen er eit flipperspel"

Hjernen består av milliardar av nerveceller som verkar i eit kompleks nettverk.

Nervecellene kommuniserer ved å frigjere spesielle signalsubstansar som stimulerer nærliggjande nerveceller og modulerer signalaktiviteten i desse cellene.

Bruk av rusmiddel fører til gradvis utvikling av ein kompleks hjernesjukdom karakterisert av forandringar i strukturen og funksjonen til hjernen.

I tidleg fase gir rusmiddelbruken sterkt behag.

Framleis bruk fører til stadig mindre behag og stadig meir ubehag når ein ikkje tek rusmiddel.

Sidan strukturen av hjernen gradvis blir endra, får ein behov for stadig større dosar for å halde ubehaget borte. Funksjonen til hjernen blir òg endra.

Endringa i strukturen og funksjonen til hjernen – den avhengige hjernen – fører til tvangsmessig jakt etter rusmiddel trass i skadelege konsekvensar for den avhengige.

Dei behagelege opplevingane er no historie.

Langtidsbruk av rusmiddel fører til endringar som gir stadig meir alvorleg avhengnad. Problemet med å endre denne livsstilen er ikkje mangel på moral eller vilje. Det er avhengnaden sin natur.

Rusmiddel skader hjernen. Rusmiddel skader deg og familien din.

Unngå avhengnad!

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2021

Læringsressursar

Ruspåverknad