Hopp til innhald

Fagstoff

Å vere vektar i situasjonar med ruspåverka personar

I vaktverksemdsbransjen kan det oppstå situasjonar som omfattar rusmiddel og ruspåverka personar. Kva reglar gjeld for vektarar i slike situasjonar, og korleis bør dei vareta si eiga sikkerheit?


Anonym person i hettegenser tek imot ein liten pose med fargerike piller eller drops av ein forbipasserande. Foto.

Kva gjer du om du hamnar i ein usikker situasjon?

Sjå for deg at du er på jobb som vektar på eit kjøpesenter. Det har tidlegare vore ein del problem med kjøp og sal av narkotika rundt senteret, og toaletta har vore mykje nytta av brukarar. Du er derfor førebudd på at situasjonar kan oppstå. Likevel er du kanskje usikker på korleis du bør reagere dersom du faktisk blir vitne til bruk, kjøp eller sal av narkotika, eller dersom du kjem over ein usikker situasjon med trugsmål eller ein overdose.

Tenk over

Korleis kan du best sørgje for at du ikkje utset deg sjølv for unødig risiko?

Korleis bør du handtere ein aggressiv person?

Dersom ein person er aggressiv eller trugande, skal du alltid tenkje først på di eiga sikkerheit. Hald avstand og hald deg roleg. Vurder om du bør kontakte politiet for å be om assistanse.

Er personen trugande mot andre, er det beste å fjerne dei som blir truga, frå situasjonen. Det er enklare å be dei som oppfører seg roleg, om å trekkje seg tilbake.

Hugs at det kan vere vanskeleg å vite sikkert om ein person er ruspåverka, berre ved å sjå på korleis personen oppfører seg. Andre underliggjande årsaker, som sjukdom, kan gjere at ein person viser teikn som liknar dei typiske teikna på ruspåverknad.

Når skal du tilkalle medisinsk hjelp?

Om du ser ein person som er openbert dårleg og ute av stand til å ta vare på seg sjølv, bør du få tak i helsehjelp snarast mogleg. Ring 113, presenter deg, fortel kvar du ringjer frå, og forklar situasjonen. Om du mistenkjer ein overdose, bør du opplyse om det.

Operatøren hos 113 vil rettleie deg om kva du skal gjere, og kan hjelpe deg med å vurdere eventuelle førstehjelpstiltak til hjelpa kjem.

Rutinar og reglar for ransaking og beslag

Det kan hende at du som vektar kjem over etterlate brukarutstyr. Vaktselskapet skal ha rutinar for kva du skal gjere i ein slik situasjon. Ta aldri direkte på utstyret, bruk hanskar, og oppbevar utstyret på ein sikker måte dersom du skal ta vare på det som bevis.

Om du mistenkjer at ein person har ulovlege rusmiddel på seg, gjeld vanlege reglar for ransaking. Du kan be vedkomande tømme lommene, men som vektar skal du ikkje ransake ein person eller sjå i vesker eller bagar utan løyve frå eigaren. Du kan be personen bli med deg til vaktrommet, og dersom han eller ho samtykkjer til det, kan du sjekke kva personen har på seg. Det vil i dei fleste tilfelle gå udramatisk for seg.

Rutinar og reglar for melding og bortvisning

Dersom du finn ulovlege rusmiddel på personen, skal du be om legitimasjon og eventuelt fylle ut ei politimelding. Dette er slikt vaktselskapa har rutinar for. I nokre situasjonar kan det vere aktuelt å tilkalle politiet. I dei fleste tilfelle vil personen det gjeld, bli bortvist frå området og meldinga bli overlaten til senterleiinga.

Hugs at din viktigaste jobb som vektar er å observere og rapportere. Tilkall alltid assistanse i situasjonar der du er usikker.


CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021

Læringsressursar

Ruspåverknad