Uroleg for ein kollega?
Når vi viser omsorg, er det fordi vi er glade i kollegaene våre. Vi vil kvarandre vel og ønskjer å hjelpe. Likevel kan det vere problematisk å vise omtanke for ein kollega som har symptom på ruspåverknad. Kva om du tek feil?
Ruspåverka personar endrar ofte åtferd og kan utgjere ein tryggingsrisiko for seg sjølve og andre. Vi bør ta tak i problemet før det blir for stort.
Spørsmål til diskusjon i klassen
Kvifor er det så vanskeleg å spørje om nokon har problem med rus?
Kva kan skje om du tek feil av symptoma, og personen kanskje har heilt andre problem?
Rollespel
Klassen blir delt opp i grupper på to som skal lage kvart sitt rollespel, med utgangspunkt i situasjonsskildringa nedanfor. Bli einig om kven som skal spele kva rolle. Bruk først nokre minutt åleine til å lese situasjonsskildringa og tenkje på din person.
Gå saman med makkeren din og bruk nokre minutt på å øve på rollespelet. Deretter kan gruppene vise rollespelet sitt for klassen eller fortelje klassen korleis dei løyste oppgåva.
Hjelp til sjølvhjelp
Sjølv om vi er urolege for ein kollega, kan det vere vanskeleg å finne ut korleis vi kan hjelpe. Eit rusproblem må løysast av den enkelte. I denne oppgåva skal du utforske to nettstader som tilbyr hjelp.
1. Bruk nettstaden akan.no og lytt gjerne til podkastane nedanfor før du svarer på spørsmåla:
Kva er Akan, og kva er ein Akan-kontakt? Kvar er Akan-kontakten tilsett?
Kva meiner vi med «den nødvendige samtalen»?
Når er avhengnad ikkje lenger ei privatsak?
Det blir sagt at det er store mørketal innanfor avhengnad. Kva betyr ordet «mørketal»? Kjenner du nokon som har eit problem med avhengnad?
2. Gå inn på nettstaden selvhjelp.no.
Kva er Selvhjelp Norge?
Kva er meint med sjølvorganisert sjølvhjelp?
Kva er ei sjølvhjelpsgruppe?