Handtering av ruspåverka personar på arbeidsplassen
Korleis kan du sjå om ein person er ruspåverka? Kva symptom skal du sjå etter?
Om ein person har symptom på ruspåverknad, er det då sikkert at personen er ruspåverka? Forklar.
Kva gjer du om du mistenkjer at ein person som melder seg i resepsjonen, er ruspåverka?
Undersøk på skulen kva prosedyrar dei har ved mistanke om at elevar, lærarar eller eksterne er ruspåverka på skulen.
Undersøk på praksisplassen din kva prosedyrar dei har ved mistanke om ruspåverka personar på arbeidsplassen.
På kva måtar kan ruspåverka personar vere ein risikofaktor?
Kva bør du gjere for å vareta sikkerheita for deg sjølv og andre i situasjonar med ruspåverka personar?
Det å jobbe ansikt til ansikt med til dømes kundar eller pasientar aukar sjansane for å bli utsett for vald og trugslar. Det gjeld særleg arbeid med menneske som er i ein sårbar livssituasjon på grunn av til dømes sjukdom eller rus.
Kjelde: Arbeidstilsynet
Les om vald og trugslar på nettsida til Arbeidstilsynet, sjå relatert innhald nedst.
Kven er det som i hovudsak utøver vald og trugslar mot arbeidstakarar?
Kva yrkesgrupper er mest utsette?
Kva ti råd gir Arbeidstilsynet i situasjonar der nokon opptrer trugande?
Korleis vernar lovverket arbeidstakarar mot vald og trugslar?
Relatert innhald
Inntak av rusmiddel gjev ulike symptom. Så visse symptom kan tyde på rusbruk. Her skal vi sjå på kva symptom dei vanlegaste rusmidla kan gi.