Hopp til innhald

Fagstoff

NCS fargesystem

NCS er eit fargesystem som byggjer på korleis vi menneske ser fargar. Bokstavane står for Natural Colour System, det naturlege fargesystemet. Vi bruker systemet til å beskrive fargar presist ved hjelp av kodar og til å finne fargar som passar saman.

NCS er eit system som beskriv fargane nøyaktig slik vi ser dei. Det er altså ei visuell beskriving av fargar og ikkje eit system for fargeblanding. NCS er eit godt verktøy når vi skal vurdere fargar kvar for seg eller saman med andre fargar. Systemet er godkjent som norsk standard, og det blir brukt over heile verda.

Elementærfargane

NCS-systemet byggjer på seks elementærfargar.
Dette er fargar som berre liknar seg sjølv.

Seks elementærfargar. Illustrasjon.

To elementærfargar er ukulørte:
kvit (W) og svart (S)

Fire elementærfargar er kulørte:
gul (Y), raud (R), blå (B) og grøn (G)

Fargesirkel med fargekodar. Illustrasjon.

NCS fargesirkel/kulørtonekretsen

Vi plasserer dei kulørte fargane i ein fargesirkel.
Kvar enkelt farge i sirkelen kallast ein kulørtone.
Ein kulørtone kan innehalde ein eller to kulørte elementærfargar. Vi kan beskrive ein kulørtone etter kor lik han er til dømes gult og raudt.

Nyansetrekanten/fargetriangelet

For kvar kulørtone finst det ei rekkje nyansar som viser forholdet til kvitheit, svartheit og kulørtheit/fargestyrke. Nyansane er plasserte inn i ein trekant som også blir kalla fargetriangel. Fargetriangelen viser oss om fargane er fargesterke eller svake, og kor gråaktige dei er.

NCS fargekropp roterande. Animasjon.

NCS-illustrasjonar, tekst og kodar er gjeve att med tillating frå:
NCS®© Norwegian Colour Senter AS.

Fargane som visest digitalt, vil ikkje vere heilt identiske med korleis fargane ser ut. Sannheita er fysiske fargeprøvar.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland, Rune Norli og Kjell Brørs. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 27.11.2019

Læringsressursar

Målaren