Hopp til innhald

Fagstoff

Tapetsering

Tapetsering er ei arbeidsoppgåve målaren for det meste utfører i private heimar, på utestader og hotell. Vi tar her for oss oppsetjing av papirtapet med kunstfiberbakside på nye gipsplater som er behandla med sparkel.
Malar legg tapet på vegg. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grunnarbeid

Ved oppsetjing av tapet på sparkla gipsplater er det viktig at at vi grunnar/preparerer platene før oppsetjing. Det gjer vi for at tapetlimet ikkje skal trekkje for fort/ujamt inn i underlaget. Det gir dårleg vedheft/feste for tapetet. Vi grunnar med ei akrylmåling for platevegg med ein glans 07 eller høgare som gir god vedheft for tapetlimet. Lågare glans gir dårlegare vedheft/feste for limet. Vi vel hovudfargen til tapetet på grunninga, slik at små gliper mellom tapetlengdene ikkje synest så godt. Har vi eit mørkt tapet som vi set opp på ei kvit grunning, vil den minste glipe mellom tapetlengdene synast svært godt. Er derimot grunninga i hovud-/botnfargen av tapetet, vil glipa vere lite synleg. Ved å grunne heile flata risikerer vi heller ikkje fargegjennomslag frå underlaget.

Oppsetjing av tapetet

Verktøy

  • meterstokk og blyant
  • vater/laser
  • olfakniv/brytebladkniv og tapetkniv
  • tapetslettar/børste
  • skøyterulle
  • bøtte og svamp
  • Om vi ikkje set opp eit tapet med kunstfiberbakside, må vi ha eit tapet-/arbeidsbord.

Arbeid

  • Vi startar oppsetjinga ved eit hjørne på vindaugsveggen. Lodd opp ein strek med laser eller vater og blyant 51 cm ut frå veggen, slik at vi får 2 cm overlapp i hjørnet (bilete).
  • Vi har lim på veggen og bruker ein pensel i hjørnet og mot golv og fotlist. Vi rullar limet på veggen nedanfrå og opp. Det er viktig at vi påfører ei riktig og jamn mengd lim .Tynne tapet skal ha eit tynnare lag lim enn tyngre tapet. La limet lufte seg litt før vi set opp tapetlengda. Dette gir betre feste, og det blir mindre fukt som skal avdampast gjennom tapetet/underlaget.
  • Kapp tapetet i riktig lengd før oppsetjing, eller ha det i ei øskje og trekk opp til kvar lengd. Vi set tapetlengda opp etter loddstreken. Stryk tapetet fast med rørsler frå midten og ut mot listene/kantane. Press tapetet godt inn mot hjørnet og tak-/fotlista.
  • Reinskjer mot listene. Bruk tapetkniv, eller ein brei stålsparkel og kniv (bilete). Vi gjer ferdig all skjering og tilpassing av kvar tapetlengd, før vi set opp neste lengd.
  • Vi set tapetet opp kant i kant. Tilpass skøytane godt, og trykk skøytane godt inn mot underlaget med ei tapet-/trykkrulle. Vask over skøytane forsiktig med ein svamp med reint vatn. Byt vatn ofte og sjekk merkinga av tapetet for om det kan vaskast.
  • Vi held fram rundt rommet, men avsluttar alltid over/under vindauge. Det gjer vi fordi feil i mønstertilpassinga synest minst då.
CC BY-SASkrive av Rune Norli og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Målaren