Hopp til innhald

Fagstoff

Målaren

Målaren beskyttar og dekorerer overflater med måling, tapet og belegg. Han gjer det utvendig og innvendig på alle typar bygg. Faget har stort fokus på HMS, kvalitet og samarbeid.

Målarfaget

Hovudområda i faget er målararbeid, tapetseringsarbeid, dekorasjonsarbeid og golvlegging.

Faget er oppteke av Helse Miljø og Sikkerheit. Helseskadelege stoff er fjerna frå dei fleste produkta vi bruker i dag.

Varierte arbeidsområde og oppgåver

Målarfaget er eit samansett fag med mange arbeidsområde både utvendig og innvendig. Arbeida er allsidige og blir utførte både for private, næringsdrivande og det offentlege. Arbeidsoppdraga er fordelte på nybygg, vedlikehald, restaurering og dekorasjonsarbeid.

Utvendig handlar det om vern og vedlikehald. Innvendige arbeid handlar om det estetiske, fargesetjing og behandling av overflater for utsjånad og lettare reinhald. Vi bidreg gjennom arbeidet vårt til å gi gode og trivelege bu- og arbeidsmiljø, i tillegg til å vareta store verdiar både for private og samfunnet.

Golvarbeid er også eit stort område i faget, med bruk av mange typar avrettingsmasse og golvbelegg. Vi arbeider med teppe, vinylbelegg, linoleum og gummibelegg. I tillegg legg vi harde belegg (epoxy og akrylbelegg) for industri og det offentlege.

Målarsvein

Ein målarsvein arbeider med mange ulike materiale på mange typar underlag, så ein må ha gode material- og verktøykunnskapar. Arbeidsområda for ein målarsvein er innvendige og utvendige overflater på betong, mur, puss, metall, tre og gipsplater, både på nye og tidlegare behandla overflater. I tillegg utfører ein reine dekorasjonsarbeid.

Som målarsvein må ein samarbeide med ei rekkje aktørar, både arkitektar, prosjektleiarar, kundar, leverandørar og andre fagarbeidarar på arbeidsplassen. Arbeida skal utførast i tråd med oppdragsgivaren sine krav, spesifikasjonar frå leverandørar og gjeldande forskrifter og kvalitetssystem.

Faghistorie

Vi finn bruk av måling og dekorering alt i eldre steinalder, då i form av holemåleri, ofte med jakt- og dyremotiv. Måling kom i bruk alt i antikken (2000 år sidan) i Romarriket. Dei utførte i hovudsak målingsarbeida som reine dekorative arbeid, ikkje for å beskytte underlaget.

Det var først i renessansen på 1500-talet at vi fekk dekorative målerarbeid i Noreg. Og det var først på 1700-talet vi fekk bygningsmåling. Arbeida var svært kostbare å få utført, så det var stort sett overklassen og storgardar som fekk utført dekorasjons- og målerarbeid.

Beskriving av målaryrket på utdanning.no.

CC BY-SASkrive av Rune Norli.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Målaren