Hopp til innhald

Fagstoff

Flekk- og skøytsparkling av gipsplater

Gipsplater er noko av det mest brukte materialet på innvendige overflater i bygg. Det er fordi gips er eit platemateriale som er heilt dødt og stabilt. Det oppfyller også krava til motstand mot brann og demping av lyd. Gipsplater blir brukte både på tak og veggflater i dei fleste typar bygg i dag.
Sparkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå Jordans Sånn skjøtesparkler du gips - Steg for steg på YouTube

Sparkling

Vi målarar sparklar gipsplatene for å få ei jamn og fin overflate før vidare behandling. Like viktig er det at vi får armert skøytane mellom platene. Det gjer vi for å hindre oppsprekking mellom platene i ettertid.

1. gongs flekk- og skøytsparkling

Vi startar med å leggje på ein platesparkel eller strimmelsparkel med høgare innhald av limstoff og finare tilslag på fyllstoffa. Så legg vi ein papirstrimmel som armering i sparkelen, og klemmer denne fast i sparkelen med ein sparkelspade. Det er viktig at vi fører sparkelspaden i ei jamn rørsle nedover.

Vi passar også på å sparkle alle overgangar mellom plater som hjørne, tak/vegg og utvendige hjørne. Skruehola tar vi også under denne arbeidsoperasjonen. Dette kallar vi flekksparkling av skruehol. No er det viktig at vi ventar med neste behandling til sparkelmassen er tørr. Dette tar normalt 24 timar om vi har ein temperatur på 15 gradar og 50 % luftfukt.

2. gongs flekk- og skøytsparkling

Så går vi over til ein sparkelmasse som har eit høgare innhald av tørrstoff. Han krympar mindre ved opptørking. Vi bruker ein sparkelspade som er litt breiare (20 cm), og utfører 2. gongs flekk- og skøytsparkling. Vi gjer det same som første gong, men utan papirstrimmelen. Vi ventar så til sparkelen har tørka igjen.

Før all vidare behandling sparkelmassen vere heilt tørr.

Vi sliper no over med sandpapir slik at vi får ei jamn og fin flate utan gradar og groper av noko slag. Val av slipepapir til dette arbeidet avheng av den vidare behandlinga av platene. Vi skal måle og bruker eit papir av ei litt finare korning (100–120). Skal vi ha på tapet, kan vi bruke ei grovare korning på sandpapiret (80).

3. gongs flekk- og skøytsparkling

No treng vi normalt ikkje å sparkle skruehola, berre skøytane. Vi bruker no ein sparkelspade på minimum 25 cm. Sliping av sparkla gipsveggar og tak blir ofte utført med eit slipebrett på langskaft. På større prosjekt bruker vi no slipemaskiner med eige avsug, både på tak og veggar.

CC BY-SASkrive av Rune Norli og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Målaren